Det er Agder Journalistlag som har klaga inn avisa for ein featureartikkel om Havforskningsinstituttet i Arendal.
Artikkelen stod på trykk i papiravisa i februar.
Det var Havforskningsinstituttet sjølve som hadde skrive artikkelen. Journalistlaget meiner at artikkelen framstod som redaksjonelt stoff frå avisa. Dei meiner også at det ikkje er tilstrekkeleg å
Dei klaga inn avisa på punkt 2.6 i Vær varsom plakaten som seier følgjande: «Avvis alle forsøk på å bryte ned det klare skillet mellom reklame og redaksjonelt innhold. Avvis også reklame som tar sikte på å etterligne eller utnytte et redaksjonelt produkt, og som bidrar til å svekke tilliten til den redaksjonelle troverdighet og pressens uavhengighet.»
Avisa har avvist klagen og skriv følgjande i sitt svar PFU.
– Den innklaga fagartikkelen er eit ikkje-honorert, uoppfordra innsendt bidrag, som redaksjonen på fritt og uavhengig grunnlag fann interessant å presentere for våre lesarar, skriv redaktøren.
Det er journalisten.no som sender direkte frå PFU sitt møte.
Her kan du lese klagen.