– Ho var lei av både biltrafikk og folk som stod og skravla på utsida, seier operasjonsleiar i Agder-politiet, Per Kristian Klausen.
Per Kristian Klausen er operasjonsleiar i Agder-politiet.
Foto: Lars Eie / NRKMen tilbakemeldinga frå politiet var klinkande klar, då kvinna ringde og ba politiet om å fjerne pokémon i området, slik at folk heldt seg vekke.
– Vi rykker ikkje ut for å ta Pokémon, ler Klausen.
Politiet skreiv følgjande på Twitter: «Vet ikke hvordan eller hvor vi skal gjøre av den. Ingen utrykning».
Hagelusking og mopedar i full fart
Den siste tida har politiet fått ei rekkje telefonar frå folk som irriterer seg over pokémonspelarar over heile landet.
Saktekøyrande bilar, mopedar i full fart, folk som luskar i private hagar og barn som er ute midt på natta, er blant innhaldet i telefonsamtalane.
Andre stader i landet har faktisk politiet sett seg nøydde til å rykke ut.
I Førde i Sogn og Fjordane tok politiet affære då dei kom over tre gutar i sentrum midt på natta.
Politiet meinte det var feil tid på døgnet for slikt og køyrde dei heim til foreldra.
Vart bøtelagd
I Mo i Rana fekk politiet melding om mogleg innbrot på ein sjukeheim. Ved nærare undersøking viste det seg at det var nokre tenåringsgutar som klatra frå veranda til veranda for å fange Pokémon.
I Drammen oppstod ein meir alvorleg situasjon førre søndag. Ein bilførar på Pokémon-jakt gav blaffen i trafikkreglane og køyrde i ei einvegskøyrd gate.
Det er uklart om paret i bilen klarte å fange Pokémon. Det som iallefall er sikkert er at politiet klarte å fange Pokémon-jegarane. Dette kosta bilføraren 4200 kroner.
– Slik går det når det går over alle støvleskaft. Då må politiet gripe inn, sa operasjonsleiar Trond Egil Groth ved Drammen politistasjon til Drammens Tidende.
Politimann påkøyrd av Pokémon-spelar
Operasjonsleiaren i Agder-politiet har sjølv kjent Pokémon-jakta på kroppen.
– Eg stod og venta på grønt lys i gangfelt. Plutseleg vart eg påkøyrd av ei dame som kom bak meg i rullestol. Ho spelte Pokémon. Eg fekk ikkje sagt noko til ho, for ho forsvann så raskt, seier operasjonsleiar Per Kristian Klausen.
– Men eg prøvde å seie at ho måtte følgje med og vere merksam, seier Klausen som understrekar at han ikkje fekk vondt.
Operasjonsleiaren understrekar at pokémon normalt ikkje er politimat.
– Vi klarer i alle fall ikkje å fjerne Pokémon, seier han.