– Vi bør ønskje velkommen nokre av cruiseskipa og seie nei til andre, meiner Rolf Øygarden i Kvadraturen i Kristiansand AS.
Alliansen av butikkar og tenesteytande verksemder i sørlandsbyen meiner pågangen av cruiseskip kan bli for stor.
Ved inngangen til august var Kristiansand på sjuandeplass i Noreg med nærare 180.000 cruisegjester i 2023.
Ålesund er på topp med over dobbelt så mange, ifølgje tal frå Kystverket og Cruise Noreg.
IKKJE BERRE VOLUM: – Vi ønskjer dei mest lønnsame turistane som samtidig set minst avtrykk – i tråd med reiselivsstrategien til Innovasjon Noreg, seier Rolf Øygarden i Kvadraturen i Kristiansand AS.
Foto: eirik damsgaard / nrkMagnetar og postkort
Kvadraturen meiner det er på tide å diskutere omfanget av cruisepassasjerar og korleis det påverkar sentrum.
– Cruise skal ikkje berge sentrumshandelen. Den skal vere eit supplement, seier Rolf Øygarden i Kvadraturen.
Foreininga fryktar sentrumstilbodet skal påverkast.
– Vi ser at forbrukaråtferda varierer på dei ulike cruiseanløpa. Vi ønskjer god handel i bysentrum, og då er det hyggjeleg med fokus på norske produkt og design. Og ikkje berre kjøleskapsmagnetar og postkort, seier Øygarden.
I siste instans bør løysinga bli å seie nei til enkelte cruiseskip og reiarlag – og til dømes sleppe fram turistar som betaler meir.
Og som gjerne kjem om bord på meir karbonvennlege skip.
Han viser til cruisegiganten Ålesund.
– Der har sentrum vorte meir og meir ein kulisse for turistane, medan nesten all handel er flytta ut til eit kjøpesenter, seier han.
Cruise Norway kritisk
Bransjeforeininga Cruise Norway meiner det ber gale av stad om hamnene skal vinke til seg dei mest betalande cruisegjestene.
– Det er uheldig å kategorisere menneske etter lommeboka deira, seier dagleg leiar Inge Tangerås.
Men cruise-rushtrafikk skal ein unngå.
– Når nokre destinasjonar fryktar for mange turistar skal ein ta det på største alvor. Her må alle aktørane i verdikjeda bli samde om kva som er passe, og fordele trafikken utover, seier Tangerås.
Han meiner cruisegjester i Noreg bidreg til «ganske stor verdiskaping».
– Og det er særleg viktig for distrikta og Nord-Noreg, som tek unna ein stor del av trafikken, seier han.
– Kva seier du til frykta for at noko ekte og autentisk skal forsvinne enkelte stader – i møte med masseturisme?
– Her må vi vere observante. Gjestene ønskjer å oppleve det autentiske Noreg, både i distrikta og i byane.
SNART I HAMN: Vestlandet er Noregs cruiseregion nummer éin med Bergen og Ålesund som dei mest besøkt. Her er «Costa Firenze» på veg til sitt aller første besøk i Kristiansand.
Foto: eirik damsgaard / nrkVekst vil flate ut
NRK fortalde nyleg at ferske prognosar peikar mot 3847 cruiseanløp i norske hamner i 2023.
Det er elleve prosents auke frå rekordåret 2022.
Talet på passasjerbesøk aukar langt meir fordi skipa er fullare.
Også trafikk i skuldersesongane aukar kraftig til over 800 anløp i dei fire månadene mars, april, september og oktober.
Cruise Norway trur ikkje veksten held fram i same tempo.
– Vi trur vi ser ein viss rekyl etter pandemien. Samtidig har Ukraina-krigen sendt ein del trafikk frå Austersjøen til norske farvatn, seier Inge Tangerås.
Cruisebransjen trur dette vil normalisere seg igjen.
SPREIE TRAFIKKEN: – Alle aktørar bør snakke saman og fordele pågangen av cruiseskip, seier Inge Tangerås i Cruise Norway. Han trur veksten i cruiseanløp vil flate ut dei neste åra.
Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK