Det stadfestar stortingsrepresentant frå Høgre i Vest-Agder, Norunn Tveiten Benestad.
Forslag til statsbudsjett vert lag fram av finansminister Siv Jensen onsdag føremiddag.
– Dette er ei god nyheit for oss. Ein halv million er viktig for oss. Både med tanke på å ha ei forutsigbar drift, men og for å utvikle oss vidare, seier fungerande direktør i Stiftelsen Arkivet, Bjørn Tore Rosendahl til NRK.
I førre statsbudsjett opplevde Arkivet ein reduksjon i overføringane frå staten.
– No slepp vi å ta dei vanskelege kutta som vi har vurdert å måtte ta. Vi kan tenkje meir på utviklinga av drifta, men også å passe på det gamle bygget som er gammalt og dyrt å drive, seier han.
Driftsbudsjettet neste år vil bli på 8,77 millionar kroner.
– Det er viktig at elevar lærer om vår nære fortid, slik at også framtidige generasjonar kan lære av historia, seier storingsrepresentant Norunn Tveiten Benestad (H) til NRK.