NRK Meny
Normal

Amazon tapte mot serieleiaren

Amazon Grimstad fekk det som venta tøft mot Stabæk på bortebane i Toppserien for kvinner.

Una Nwajei, Amazon Grimstad

TAP: Amazon-spissen Una Nwajei og lagvenninnene tapte 0-2 borte mot serieleiar Stabæk i Toppserien.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Allereie etter 13 minutt sende Maiken Pape bæringane i leiinga 1-0.

Det vart også pauseresultatet.

I andre omgang la Kristy Moore på til 2-0, som vart sluttresultatet.

Amazon Grimstad ligg med det på 9. plass på tabellen med åtte poeng. Donn ligg på plassen over med like mange poeng.

LES OGSÅ: Amazon til kvartfinale
LES OGSÅ: Surt tap for Amazon Grimstad