Hopp til innhold

Alt om det kongelege besøket

NRK Sørlandet har hatt fyldig dekning av kronprinsparbesøket tysdag.

Kongelig besøk Sørlandet

PÅ BESØK: Kronprinsparet besøkte Lillesand, Evje og Grimstad på første dag av fylkesbesøket i Aust-Agder.

Foto: Kari Løberg Skår/NRK

Kronprinsparet innleia besøket sitt i Aust-Agder, då dei kom i land frå Kongeskipet i Lillesand tysdag føremiddag.

– Det er hyggelig å komme hit til Aust-Agder. Vi kjenner kysten godt frå før. Det er fint å bli kjent i innlandskommunane. Vi har eit variert og spennande program, sa kronprins Haakon.

SJÅ BILETE: Kongelig besøk
SJÅ BILETE: Kronprinsparet i Grimstad

Video Kronprinsparet i Lillesand

LILLESAND: Sjå kronprinsparet sitt besøk i Lillesand.

Fekk møte innsette

Deretter gjekk turen til Evje, der kronprinsparet blant anna besøkte Mineralparken. Her fekk kronprinsparet ei orientering om klinikken, og møte med bebuarane.

I tillegg var paret innom fengselet der dei fekk omvisning. Her fekk kronprinsparet også møte dei innsette.

Video Kronprinsparet på Evje

EVJE: Kronprinsparet besøkte blant anna Mineralparken og fengselet på Evje.

Tysdag ettermiddag gjekk turen vidare til Grimstad. Her stod kronprinsesse Mette-Marit for den offisielle opninga av Campus Grimstad ved Universitetet.

– Kunnskap er den viktigaste byggjesteinen i samfunnet. Campus er ei av samfunnet si viktigaste kjelde til skaparkraft, der forskarar og studentar møttest, sa kronprinsesse Mette-Marit i si tale under opninga.

Sykla miljøvegen

Video Mette-Marit åpnet Campus Grimstad

GRIMSTAD: Kronprinsesse Mette-Marit stod for den offisielle opninga av Campus Grimstad ved Universitetet.

Frå Universitetet gjekk turen inn til sentrum av Grimstad. Her sykla kronprinsparet miljøvegen saman med store og små, før turen gjekk gjennom nedre bysentrum. Her fekk kronprinsparet kulturelle innslag langs ruta.

LES OGSÅ: Kongelig med hjelm på hodet

Video Kronprinsparet besøkte Grimstad

GRIMSTAD: Kronprinsparet gjekk gjennom Grimstad sentrum.

Onsdag startar held fylkesbesøket i Aust-Agder fram. Dagen startar i Arendal der havnesjef Rune Hvass tek imot kronprinsparet. Deretter går turen vidare til Froland, der kronprinsparet blant anna skal få ei orientering etter skogbrannen.

Torsdag skal kronprinsparet innom Tvedestrand og Vegårshei.

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 0,65 kr
Dyrest kl. 20 1,31 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,5 kr 25 min.
  • Dusje 4,9 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,6 kr En vask
  • Varmeovn 1,2 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %