NRK Meny
Normal

«Heltane frå Sørlandet» er historisk dårlege

Start har spelt 28 strake kampar utan å vinne i eliteserien. Søndag sende Stabæk sørlendingane eitt steg nærare stupet.

Steinar Pedersen, Start

Start-trenar Steinar Pedersen og resten av Start-benken fortvilar etter 0-5 mot Stabæk på heimebane.

Foto: Schrøder, Tor Erik / NTB scanpix

Laster innhold, vennligst vent..

«...skuda er trygg på vannet, og mannskapet best i landet: IK Start, heltene fra Sørlandet».

Denne strofa syng stolte Start-supporterar, med skjerfet høgt heva, før kvar heimekamp på Sør Arena.

Ohi scorer mot Start

Ohi Omoijuanfo jublar for scoring mot Start.

Foto: Schrøder, Tor Erik / NTB scanpix

Men klubben er på utrygt farvatn, og har definitivt ikkje det beste mannskapet i landet per dags dato.

28 strake utan siger

«Heltane frå Sørlandet» har no spelt 28 strake seriekampar utan å vinne. Dette er den verste rekka utan siger i eliteserien nokosinne.

Start har slått rekorden til Sandefjord, som spelte 27 strake eliteseriekampar utan siger i 2010.

Rekordrekkja vart sett søndag kveld då laget var sjanselause mot botnkollega Stabæk på Sør Arena.

– Det er ikkje i nærleiken av godt nok. Vi spelar elendig og blir herja med av Stabæk, rett og slett, seier Start-spelar Kristoffer Ajer, som spelte sin siste kamp i gult og svart.

Start-supportere etter 0-5 mot Stabæk

Start-supportarane laga pipekonsert både til pause og etter kampslutt.

Foto: Schrøder, Tor Erik / NTB scanpix

Ajer sa «goodbye» med stortap

No ventar proffliv i Skottland og Celtic for den talentfulle 18-åringen.

– Det er veldig trist. Eg er blitt utruleg glad i denne klubben. Å avslutte med 0-5 er utruleg tungt, seier Ajer.

Kristoffer Ajer

Kristoffer Ajer spelte sin siste Start-kamp mot Stabæk. No ventar proffliv i Celtic.

Foto: Schrøder, Tor Erik / NTB scanpix

– Trur du Start spelar i eliteserien også neste år?

– Eg håpar det, men gutane må legge ned ein voldsom innsats. Men er detn oko som kan klare det er det gutane der inn, seier han og nikkar mot Start-garderoben.

Bærumsklubben hadde full kontroll mot eit frustrert Start-lag, som knapt hadde eit skot på mål gjennom 90 minutt.

Før halvtimen var spelt tok Stabæk leiinga då Agon Mehmeti breisida ballen i mål bak Start-keeper Håkon Opdal.

Fire minutt før pause gjorde tidlegare Start-spelar Ernest Asante livet skikkeleg surt for sørlendingane.

Asante køyrde karusell med Start-forsvaret. Inne i boksen stod Giorgi Gorozia, som enkelt la på til 2-0.

Henrik Robstad

Henrik Robstad måtte ut i første omgang etter ein hovudskade.

Foto: Schrøder, Tor Erik / NTB scanpix

Tabelljumbo

12 minutt før slutt sette innbytar Moussa Njie spikaren i kista då han la på til 3-0. Som om ikkje det var nok, la Birger Meling på til 4-0 fire minutt før slutt.

Rett før slutt la gjorde Moussa Njie livet endå surare for Start, då han la på til 5-0.

– I andre omgang går vi fullstendig opp i liminga. Dette er langt under det eg ventar av profesjonelle folk. Heilt elendig, seier Start-trenar Steinar Pedersen rett etter kampen.

Start har ikkje vunne ein eliteseriekamp sidan 4. juli i fjor, då Stabæk vart slått 4-1 på Sør Arena.

Start ligg heilt sist på eliteserietabellen etter 13 serierundar. Laget har no fire poeng opp til trygg plass. Stabæk sikra sin første bortesiger sidan oktober i fjor, då Mjøndalen vart slått.

Stabæk heldt også nullen for første gang på 11 kampar.

Laster innhold, vennligst vent..