Hopp til innhold

– Trist at valdtekter skal lamme ein heil by

To overfallsvaldteker og eit overfall i løpet av kort tid skapar bekymring i Kristiansand.

Voldtekter i Kristiansand

OVERFALL OG VALDTEKT: To valdtekter er meldt til politiet i Baneheia den siste tida. I tillegg har ei kvinne meldt eit overfall på Kongsgård i Kristiansand.

Foto: Øivind Eskedal/NRK - Jan Inge Thomassen/NRK

– Det er veldig trist at mange går rundt og er redde og ikkje torer å gå ut. Dei tek ansvar for den kriminelle si åtferd og det tykkjer eg er heilt forferdeleg, seier nestleiar ved krisesenteret i Kristiansand, Tove Hægg Versland til NRK.no.

Ny valdtekt

Natt til søndag i førre veke vart ei kvinne overfalt og valdteken av to utanlandske menn i Baneheia i Kristiansand. Så langt er ingen arrestert i saka, og politiet etterlyser tips frå publikum.

Natt til onsdag denne veka vart ei kvinne forfulgt og angripe på Kongsgård i Kristiansand. Torsdag melde ei ny kvinne seg for politiet. Ho skal ha blitt valdteken på nattestid 29. mai i Baneheia.

Geir Hansen

Geir Hansen

Foto: Jan Inge Thomassen / NRK

Politiet kan ikkje utelukke samanheng mellom sakene.

– Det er ikkje godt å seie. Det kan vere tilfeldig og det kan vere ein samanheng mellom enkelte av desse sakene, seier Geir Hansen.

– Dette er trist

Hægg Versland er uroa for korleis episodane vil påverke tryggleiken til kvinnene denne sommaren.

– Eg forstår at folk vert engstelege, seier ho.

– Eg legg også merke til politiet sine uttaler i media om at det må vere opp til kvar enkelt å kjenne på og ta ansvar i forhold til kva dei ynskjer å gjere. Det støttar eg heilt fullt ut. Det er for ille dersom det skal lamme ein heil by. Det tykkjer eg er trist, seier ho.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %