Hopp til innhold

– Rock'n roll fiskeboll

Norway Rock Festival er i full gang i Kvinesdal. Også dei små hadde i år sin eigen rockefestival i sørlandskommunen.

Barnehagerock

CAMP: Eit av barnehagebarna på festivalcampen.

Foto: Mari-Ann Albrektsen/NRK
Barnehagerock

SMINKE: Barnehagebarna fekk rockesminke!

Foto: Mari-Ann Albrektsen/NRK

– Rock'n roll fiskeboll, dududududu, syng 5 år gamle Torjus Oksefjell i Sentrum barnehage i Kvinesdal.

– Kva veit du om rockefestivalar?

– Det er noko vi feirar, seier han.

Tvillingbroren Arne Oksefjell såg fram til å rockefestival i barnehagen sin.

– Vi skal rock'n roll og så skal vi bade i badebasseng, seier han før Per Tore Bjerge frå Luxus Leverpostei sette i gang med gitar og sang i barnehagen.

Eigen camp

For rockefestivalen fekk storfint besøk frå festivalgeneral i Norway Rock, Kelly Aamodt og nemde Per Tore Bjerge frå Luxus Leverpostei.

– Vi hadde eigentleg ikkje tid, men vi tek oss tid. Vi fekk ein førspurnad om vi kunne underhalde litt slik at barna fekk ein smakebit av rockefestival. Då sa vi at vi eigentleg ikkje hadde tid, men vi skal lage tid, seier Bjerge.

Barnehagen hadde laga både festivalcamp, festivalband, VIP-område og scene i forkant. I tillegg hadde dei sminka kvarandre og laga gitarar i papp. Aamodt og Bjerge hadde med seg ei overrasking til barna. Alle fekk kvar sin kopp og caps frå arrangøren av Norway Rock.

– Dette er framtidas rockarar. Det er kjekt å bli spurt. Vi må ta oss tid til å stille opp på slikt. Dei har band, dei vart akkrediterte på veg inn i barnehagen på morgonen. Dei har VIP-tribune og dei har campingplass. Du ser at det er engasjement her. Så det er gøy, seier Aamodt.

Per Tore Bjerge og Kelly Aamodt

ROCK: Per Tore Bjerge og Kelly Aamodt på plass i barnehagen i Kvinesdal.

Foto: Mari-Ann Albrektsen/NRK

– Musikk, glede og samhald

Bente Ingebretsen

Bente Ingebretsen

Foto: Mari-Ann Albrektsen/NRK

Styrar i Sentrum barnehage, Bente Ingebretsen, fortel om godt engasjement blant barna i barnehagen.

– Det handlar om musikk, glede og samhald. Det er verdiar som vi står for i ein barnehage. Det er klart at vi må gjere det same som dei gjer på Norway Rock, seier ho.

– Trur du det er framtidige rockarar eller rockearrangørar her?

– Det trur eg. Grunnen er at vi i Kvinesdal står saman. Det er klart at når du får denne følelsen av å gjere ting saman når dei er små, så trur eg noko står på sletta og riggar scene om nokre år, seier Ingebretsen. medan barna syng Kaptein Sabeltann-songar.

- Høyr radioinnslag frå rockefestivalen.

Video Barnerock

VIDEO: Sjå video frå fjorårets 'rockefestival' i barnehagen.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 1,26 kr
Dyrest kl. 20 1,77 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %