Hopp til innhold

– Eit klokt styrevedtak

Stortingsrepresentantane Freddy de Ruiter (Ap) og Svein Harberg (H) er strålande nøgde med at det skal utgreiast alternativ til å legge ned nyføddavdelinga i Arendal.

Svein Harberg, Høyre

Stortingsrepresentant for Høgre i Aust-Agder, Svein Harberg.

Foto: Håkon Eliassen / NRK

– Eg tykkjer at det er eit klokt styrevedtak frå eit myndig og reflektert styre. Dei har teke ei god avgjerd, tek ein time-out og ser på alle moglegheiter, seier de Ruiter til NRK.

Freddy de Ruiter

Freddy de Ruiter er stortingsrepresentant for Arbeiderpartiet i Aust-Agder.

Foto: Svein Sundsdal

– Det er nettopp dette vi har teke til orde for. At det skal vere ein god prosess som ser på dei ulike alternativa. Ein ting er at ein skal ha nyføddavdelinga så god som mogleg, men ein skal også ha eit godt tilbod til andre fødande som treng legehjelp, seier Harberg.

Vil flytte barna til Kristiansand

På eit ekstraordinært styremøte i Sørlandet sykehus torsdag kveld vart det bestemt at sjukehuset skal utgreie alternativ til å legge ned nyføddavdelinga i Arendal.

Nyføddavdelinga behandlar sjuke nyfødde barn. Sjukehusleiinga har tidlegare bestemt at desse barna skal flyttast til Kristiansand.

Sørlandet sykehus skal utgreie fleire løysingar kring nyføddavdelinga i Arendal. Sjukehusleiinga har tidlegare bestemt at avdelinga skal leggast ned.

– Med dette får vi vurdert saka på ein mykje grundigare måte enn det som har vore gjort hittil, seier de Ruiter.

Vil bruke dukker til trening

– No må vi ha prosessen som skal til for at det blir tillit til vedtaket som skal gjerast og at det blir til det beste for pasientane, seier Harberg.

Harberg ser mellom anna føre seg at legane i Arendal kan trene seg på dukker, slik at dei får tilstrekkeleg med trening for å gje sjuke nyfødde god behandling.

Då sjukehusleiinga bestemte å legge ned avdelinga peika dei mellom anna på at legane i Arendal behandla få pasientar og fekk for lite trening.

– Det er mange stader dei gjer dette. Det kan og vere mogleg å hospitere hos kvarandre for å få trening med dei ulike tilfella ein kan møte. På den måten kan ein få den beste kompetansen nær brukarane heile tida, seier Harberg.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,4 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %