Hopp til innhold

Joshua French: – Eg saknar deg Tjostolv

Joshua French fekk ikkje vere med i begravelsen til kameraten Tjostolv Moland. I Vegårshei kirke vart det lese opp minneord frå French, som framleis sit i cella i Kongo.

– Tjostolv: Livet ditt vart kort, men unikt. Eg saknar deg og ditt venskap veldig mykje. Eg kjem aldri til å gløyme deg, men vil ha deg med meg resten av mitt liv, skriv French i si siste helsing til Moland.

Torsdag vart Tjostolv Moland gravlagd i heimbygda Vegårshei. Mange hadde møtt opp for å ta farvel med Moland. Men bestekameraten Joshua fekk ikkje komme til Norge for å vere med i begravelsen, då han framleis sit fengsla i Kongo.

– Du er ein unik person

– I dag skulle eg gjerne ha vore i Norge og vist deg den respekten eg har for deg, skriv French.

– Du er ein unik person. For meg som kjente deg så godt blir det vanskeleg å vite kor eg skal byrje når eg skal beskrive deg for andre slik eg kjende deg, skreiv kameraten Joshua French i minneordet til Tjostolv Moland.

Kring 400 menneske møtte opp for å ta farvel med Moland. Nær familie, vener, og offisielle representantar frå Vegårshei kommune var med i begravelsen.

Tjostolv Moland vart berre 32 år gammal.

For fire uker siden ble han funnet død på cella i Kongo, i dag ble Tjostolv Moland begravet ved Vegårshei kirke.

VIDEO: Tjostolv Moland vart følgd til siste kvilestad torsdag.

Funnen død på cella

Tjostolv Moland sat fengsla i Kongo i over fire år då han vart funnen død på cella 18. august i år.

Moland og French vart i 2010 dømde til døden for mellom anna drap og spionasje.

Norge forsøkte lenge å få dei to nordmennene utlevert frå Kongo utan å lukkast. Joshua French sit framleis i fengsel.

– Alle som var så heldige å få lov til å kalle seg din ven, fekk ein ven av klasse, skriv French om kameraten.

– Dine mange gode eigenskapar og gode personlegheitstrekk let seg vanskeleg beskrive i desse få orda, men eg håpar ein dag å kunne gje deg eit større beskrivande rom for våre år saman, skriv French.

I dag ble Tjostolv Moland begravet fra Vegårshei kirke. Det var hans aller nærmeste familie og venner, som bar kisten til det siste hvilestedet.

VIDEO: Se reportasje fra Tjostolv Molands begravelse.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,7 kr 25 min.
  • Dusje 6,4 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %