Hopp til innhold

– Eg låg på kne medan tre prestar bad demonane om å forlate meg

Ågot Cecilie Heiberg-Jacobsen fortalde ei sterk historie då ho opna ein debatt om vigsel av homofile i kyrkja under Skeive Sørlandsdager i Kristiansand.

Ågot Ceciie Heiberg.Jacobsen innleder debatt om likekjønnet ekteskap under Skeive Sørlandsdager 2015

Sjå Ågot Cecilie Heiberg-Jacobsen sitt opningsinnlegg under ein debatt om vigsel av homofile i kyrkja.

Blant publikum sat mellom andre biskop i Agder og Telemark Stein Reinertsen, Øyvind Benestad frå Levande Folkekyrkje og Kjetil Drangsholt og Kristin Gunleiksrud Raaum frå Åpen Folkekirke som seinare skulle debattere temaet.

Ågot Cecilie Heiberg-Jacobsen

Ågot Cecilie Heiberg-Jacobsen heldt opningsinnlegg under ein debatt på Skeive Sørlandsdager i Kristiansand.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Heiberg-Jacobsen frå Laksevåg i Bergen er utdanna kyrkjelydssekretær. I slutten av 20-åra oppdaga ho at ho ikkje var som venninnene. Ho fatta ikkje interesse for gutane slik dei gjorde.

Opprørt over skuldingar frå kyrkja

– Eg følte meg annleis, følte meg utanfor, fortalde ho.

Ho var aktiv i kyrkjelydsarbeid, men fekk beskjed om at ho ikkje lenger var ønskt som barne- og ungdomsarbeidar då ho stod fram som lesbisk. Heiberg-Jacobsen melde seg ut av kyrkja.

Det heile toppa seg på ein kristenleir.

– Eg kjem aldri til å gløyme då eg låg på kne og tre prestar bad demonane om å forlate meg, seier ho.

No kjempar ho for at homofile skal få lov til å gifte seg i kyrkja.

– Vi blir skulda for at vi ynskjer å splitte kyrkja. Det gjer meg opprørt. Det vi har halde på med i 30 år er ikkje å prøve å splitte kyrkja. Det er å bli teke på alvor som heile menneske. At kjenslene eg har for mi Inger-Marie er like viktige som ein mann sine kjensler for kona si, seier ho.

Homodebatt i Kristiansand

Øivind Benestad i Levande folkekyrkje (f.v.), biskop i Agder og Telemark, Stein Reintertsen og Kjetil Drangsholt og Kristin Gunleiksrud Raaum frå Åpen Folkekirke deltok i debatt under Skeive Sørlandsdager i Kristiansand.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Ekteskapet er for mann og kvinne

Det vart ei roleg ordveksling i den etterfølgjande debatten. Dei fire debattantane vart til og med omtala som eit «roleg og disiplinert panel» med «innestemmer» av debattleiaren.

Men dei fekk alle sagt kva dei meinte i saka om likekjønna ekteskap.

– Dette er ikkje berre eit spørsmål om det å gifte seg ein søndag. Dette handlar om djupe spørsmål innan skapelsesteologi, sa Øivind Benestad i Levande folkekyrkje i sitt opningsinnlegg.

Benestad sa før debatten at han vil melde seg ut av kyrkja dersom det blir fleirtal for likekjønna ekteskap.

– Bibelen er tydeleg på at ekteskapet er for mann og kvinne, sa han.

– Går på sjølvkjensla laus

Kristin Gunleiksrud Raaum, nestleiar i Kirkerådet, var ueinig.

– Det å bli avvist når ein vil gifte seg føre Guds åsyn går på verdigheita og sjølvkjensla laus, sa Gunleiksrud Raaum.

– Vi kan ikkje ha ei kyrkje som seier at våre vakraste kjensler ikkje er bra nok, sa ho.

Biskop Stein Reinertsen har vore open på at han er imot å vie homofile i kyrkja. No trur han på stor deltaking i samband med kyrkjevalet i haust.

– Mykje tyder på at valet engasjerer meir enn tidlegare. Eg trur temperaturen i denne saka skal ha ein del å seie i samband med det, seier han.

Salen under debatt om homofil vigsel

Salen var fullsett på Ernst Hotell i Kristiansand.

Foto: Sander Heggheim / NRK
null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %