NRK Meny
Normal

– Eg fekk valet mellom å vere meg sjølv eller å få jobb

Kevin Kvernvik (19) fekk beskjed om at han kunne få problem med å få seg jobb med blått hår. – Eg vart irritert, seier han.

Hva slags hårfarge er det lurt å ha som jobbsøker? I Aagderposten i dag kunne vil lese om 19 år gamle Kevin som på jobbsøkerkurs ble bedt om å fjerne sin blå hårfarge. Men det vil han ikke.

Sjå TV-reportasje.

19-åringen frå Tvedestrand gjekk på jobbsøkarkurs i regi av NAV.

Der vart han fortalt at blått hår var ein dårleg idé når han var på jobbjakt.

Kevin Kvernvik

Kevin Kvernvik.

Foto: Pål Tegnander/NRK

– Eg vart ganske irritert. Eg følte eg fekk valet mellom å vere meg sjølv eller få jobb. For min del klarer eg meg ikkje berre med ein av delene, seier han.

– Eg må ha jobb for å leve. Viss ikkje eg er meg sjølv føler eg at eg lever på ein løgn, seier Kvernvik til NRK.

«Eigen og sta»

19-åringen er i ferd med å finne læreplass for å fullføre elektrikarutdanninga si. Det var då han kom i kontakt med rettleiingstiltaket Menko som samarbeider med NAV.

I sluttrapporten frå Menko står det ifølgje Agderposten, som omtala saka først, mellom anna:

« ... egen og sta med tanke på å motta råd angående klær og farging av hår i forbindelse med førsteinntrykk og det å se presentabel ut ved levering av søknader til beslutningstakere».

– Eg er merkeleg

Dagleg leiar hos Menko, Arne Paulsen, vil ikkje gå inn i saka til Kvernvik. Men han meiner at utsjånaden kan bety mykje for jobbsøkjarar.

Arne Paulsen

Arne Paulsen er dagleg leiar i Menko.

Foto: Pål Tegnander/NRK

– Vi er eit selskap som jobbar med menneske og ungdom. Vi jobbar for å få dei ut i jobb. Hos oss er dei mange veker. I den perioden gjer vi gjerne råd om kva som skal til for å få jobb i ulike settingar, seier han til NRK.

«I en intervjusituasjon kan det være avgjørende om man får læreplass/jobb eller ikke», skriv Menko vidare i rapporten, ifølgje Agderposten.

– Eg kan forstå at eg ikkje får jobb innan serviceyrke der eg skal stå i resepsjonen i eit stort selskap. Det gjer eit merkeleg førsteinntrykk, men eg er merkeleg. Det er slik eg er, seier 19-åringen.

Ville markere endring i livet

– Om du skal jobbe i ein verkstad eller slik eg gjer no har det ingenting å seie, meiner han.

Bakgrunnen for at han farga håret er ei stor endring i livet hans.

– Frå då eg berre sat inne til eg kom til Arendal og følte med heime og meir tilpass. Eg let håret gro og farga det blått. Det er markering på at livet mitt er anleis enn det var, seier han.