Hopp til innhold

Sykkelekspert om Hushovd-vraking: – Eg er ikkje overraska

Tidlegare toppsyklist og NRKs sykkelekspert Dag Erik Pedersen meiner Thor Hushovd ikkje har levert gode nok resultat dei siste åra.

Thor Hushovd klar for VM

Thor Hushovd er ferdig i BMC etter denne sesongen.

Foto: Schrøder, Tor Erik / NTB scanpix

Dag Erik Pedersen

NRKs sykkelekspert Dag Erik Pedersen.

Foto: Holm, Morten / NTB scanpix

– Eg er ikkje overraska ut ifrå resultata Thor har levert dei tre siste åra, seier Pedersen til NRK.no.

I eit intervju med TV2 røpa Grimstad-syklisten at han ikkje får halde fram på BMC sitt lag neste sesong.

Ifølgje TV-kanalen skal Hushovd ha fått beskjeden over telefon.

Hushovd: – Nedtur

– Det var ein litt rar telefon å få. Eg har vore vand til at alle lag vil ha meg, og plutseleg nå seier dei at eg ikkje er interessant, så det er klart det er ein liten nedtur, seier Hushovd til TV2.

Det betyr at sørlendingen må sjå seg om etter nytt lag til neste sesong.

– Når han etter kvart skal skrive sitt siste kapittel trur eg det er viktig å finne eit lag som kan gje han forutsigbarhet i treningsarbeidet. At han ikkje treng å sykle 60 løp som kvalifisering til å komme med i Tour de France, seier Pedersen.

Sykkeleksperten meiner at Hushovd må få ro til å prikke inn toppforma der han meiner er riktig.

– Han må få køyre dei løpa han meiner er bra for å vere på topp i Milano-Sanremo, Paris-Roubaix og dei mindre etapperitta slik at han kan vinne etappar slik han gjorde i gamledagar. Det er rådet eg som gammal syklist vil anbefale Thor å sjå vidare på, seier han.

Også tidlegare toppsyklist Mads Kaggestad meiner at Hushovd må sjå seg om etter eit lag som har tillit til han.

– Det verkar som om han ikkje har den beste kjemien med leiinga i laget, seier han til NRK.

– I tillegg er det løpande uttak heile tida. Det gjer at løparane ikkje torer å leggje inn nok treningsperiodar og bruke ritt til trening. Plutseleg vert dei sett ut fordi dei ikkje leverer det leiinga håpar dei skal gjere, seier han.

Vraka til Tour de France og VM

Allereie i september i fjor sa NRK-eksperten at han tvilte på at BMC var det riktige laget for Hushovd. Bakgrunnen var at oksen frå Grimstad vart vraka til både VM og Tour de France.

– Vi ser no at han slit med å komme seg til Tour de France. Han slit med å få støtte på laget. Han klarer 3.- 5.- og 7.-plassar, men han har ikkje eit lag som er der framme og køyrer for han. Dermed vinn han heller ikkje sykkelløp, seier Pedersen.

Sykkeleksperten trur ikkje at Hushovd kjem til å legge opp.

– Han har altfor mykje å gi. Det vil overraske meg veldig om han kastar inn handkledet, seier Pedersen.

Mads Kaggestad trur Hushovd vil bruke tid på å finne seg eit nytt lag.

– Han må få eit tilbod som triggar motivasjonen. Det er mykje hardt arbeid som skal til for å komme tilbake. Jo eldre ein blir, jo mindre får ein gratis, men Thor veit nøyaktig kva som må til, seier Kaggestad.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,7 kr 25 min.
  • Dusje 6,4 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %