NRK Meny
Normal

– Det største eg har opplevd som klubbtrenar

Vipers Kristiansand-trenar Gunnar Pettersen var høgt oppe etter å ha slått sjølvaste Larvik i semifinalen i sluttspelet i handball.

Vipers slo Larvik

VIDEO: Sjå jubelscenene i garderoben etter sigeren mot Larvik.

– Eg har vore i to finalar i europacupen, men dette er det største eg har opplevd som klubbtrenar, seier Pettersen til NRK etter kampen.

Det er berre minutt sidan han jubla saman med Vipers-spelarane etter å ha slått giganten i norsk kvinnehandball. Sørlendingane vann til slutt 31-25 etter å ha leia 15-13 til pause i Aquarama.

Dette var den første av to semifinalar mellom dei to laga.

Vipers slo Larvik

Sjå intervju med Vipers-trenar Gunnar Pettersen etter kampen mot Larvik.

Ville ha Larvik-siger på CV-en

I seriesamanheng har ikkje Larvik tapt ein kamp sidan 2001. I sluttspelet tapte dei mot Tertnes i fjor, men gjekk likevel til topps over to kampar.

– Det er fantastisk. Det var mitt hovudmotiv for å reise hit. Det har eg ikkje sagt før i dag. Eg hadde lyst til å ha på CV-en min å vere ein av få norske trenarar som vinn mot Larvik. Det er truleg verdas beste lag, seier han.

Vipers Kristiansand hadde aldri slått Larvik før sigeren søndag kveld.

Dei hadde heller aldri leia til pause mot meisterligafavoritten.

Ville unngå tosiffra tap

Tidlegare denne sesongen har klubben tapt begge seriekampane mot vestfoldingane.

– Det var ikkje veldig realistisk at vi skulle vinne. Vi ville overraske. Det var mottoet før kampen. Målet var å sleppe inn mindre enn 30 mål og tape med mindre enn tosiffra. Når vi då vinn med seks, er det berre heilt fantastisk, seier trenaren.

Larvik trenar Ole Gustav Gjekstad var skuffa over eige mannskap etter tapet i Kristiansand.

– Vi tapar fullt fortent og spelar dårleg. Vi kan ikkje seie at nokon var gode i dag og det er veldig sjeldan. Både kollektivt og individuelt er vi for dårlege, seier han til NRK.

– Men dette kan vere ein kamp vi har råd til å tape, for vi kan rette på det, seier han.

Vipers har altså seks mål å gå på før returmøtet i Larvik tysdag.

Larvik tapte mot Vipers

VIDEO: Sjå intervju med Larvik-trenar Ole Gustav Gjekstad etter tapet mot Vipers.