Hopp til innhold

Vipers sjokkerte mot Larvik i semifinalen

VIPERS - LARVIK 31-25 (15-13): Larvik som ikkje har tapt ein norsk seriekamp sidan 2001 fekk juling av Vipers Kristiansand i sluttspelet i handball.

Jessy Kramer, Vipers Kristiansand

Jessy Kramer og Vipers slo Larvik.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Vipers - Larvik

Anja Hammerseng Edin vart stoppa av Vipers.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Sørlendingane banka til frå første sekund mot giganten frå Larvik.

Landslagsstjerner som Anja Hammerseng Edin, Nora Mørk, Karoline Dyhre Breivang og Linn Jørum Sulland vart gjort til statistar.

Vipers-trenar Gunnar Pettersen gjorde eit smart trekk med å ta ut keeper Sakura Hauge i første omgang, og heller sette inn ein utespelar.

– Det er tøft gjort. Det krev ballar for å gjere noko slikt i første omgang, seier sportsleg leiar i Vipers, Peder Langfeldt.

Vipers-jentene gjekk til pause med 15-13 til enorm jubel frå dei 1500 tilskodarane som hadde møtt opp i Aquarama.

I andre omgang trudde nok mange at Larvik skulle slå tilbake, men Vipers heldt unna og vann sensasjonelt 31-25 mot meisterligaklubben.

Også i fjor tapte Larvik ein kamp i sluttspelet. Trass tap mot Tertnes gjekk laget heile vegen og vann sluttspelet til slutt.

Karoline Dyhre Breivang mot Vipers Kristiansand

Karoline Dyhre Breivang og Larvik fekk det ikkje til å stemme mot Vipers Kristiansand.

Foto: Sander Heggheim/NRK
null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %