Hopp til innhold

– Det er uhyggeleg

Naboar opplevde rekkehusbrannen på Slettheia i Kristiansand på nært hald. – Eg er glad ingen vart skada, seier Anne Birgit Larsen.

Naboar opplevde rekkehusbrannen på Slettheia i Kristiansand på nært hald. – Eg er glad ingen vart skada, seier Anne Birgit Larsen.

Sjå intervju med Anne Birgit Larsen.

Larsen hadde kveldsvakt på jobb og hadde ikkje lagt seg då det tok til å brenne.

Ho vart først gjort merksam på at det brann då ein nabo hamra på døra og ropte at det brann. Dottera hennar ringde brannvesenet.

– Eg sprang ut og såg at huset var fullstendig overtent. Så sjekka vi at naboane i dei andre leilegheitene hadde komme seg ut, fortel Larsen.

Ingen personer ble skadet da det i natt brant i en rekke med fire hus i Slettheiveien i Kristiansand.

Se video frå brannen.

11 var evakuert

Ho fortel om hektiske og dramatiske minutt på Nedre Slettheia i bydelen Vågsbygd.

– Ein annan nabo forsøkte å sløkke brannen med eit brannsløkkingsapparat. Seinare samlast vi, eg henta litt teppe og vi fekk komme inn til ein nabo lengre borte. Der var vi til i tretida i natt, medan dei andre som budde i rekkehuset vart evakuert til Hotell Norge, seier Larsen.

11 personar budde i rekkehuset som brann, og ingen vart skada.

I leilegheita som tok fyr budde det ingen. Huset som har ligge ute for sal ei lita stund er totalskadd.

– Den eine leilegheita er totalt utbrent. I tillegg oppstod det innbrenning i naboleilegheita. Då må ein også rekne med at det er store brann- og røykskadar i dei to andre bustadene, seier operasjonsleiar i Agder-politiet Martin Ugland.

Brann i rekkehus
Foto: Haktan Yerlikaya

Veit ikkje kvifor det brann

Brannen har gjort inntrykk på naboane, seier Larsen.

– Det er ikkje greitt. Det er skummelt med brann, men det var godt med politifolk, så vi følte oss trygge og godt varetekne, seier ho.

– Det er uhyggeleg og eg er veldig glad det ikkje budde folk i huset, seier Larsen.

Brannårsaka er førebels ikkje kjent.

Brannen startet i en tom leilighet som lå i rekke med tre andre boliger.

Slik såg rekkehuset ut nokre timar etter brannen.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 1,26 kr
Dyrest kl. 20 1,77 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %