Hopp til innhold

– Champagnen er lagt klar

Kildens momskrav på dryge 294 millionar kroner kan trekkjast tilbake grunna nye presiseringar av regelverket i EU. Det gjer ordførar Harald Furre optimistisk.

Kilden Kristiansand

I april 2015 mottok Kilden teater- og konserthus i Kristiansand eit momskrav på 294,4 millionar kroner. Grunna nye presiseringar av regelverket kan dei no sleppe kravet.

Måndag sende Finansdepartementet brev til Skattedirektoratet med ny rettleiing, melder Fædrelandsvennen.

Hans Antonsen

Administrerande direktør i Kilden teater- og konserthus, Hans Antonsen.

Foto: Kilden Teater- og Konserthus

– Det kan ikkje bety noko anna enn at vi får medhald i vår sak, seier administrerande direktør hos Kilden teater- og konserthus, Hans Antonsen.

Ifølgje Antonsen har EU-kommisjonen gitt frå seg ei lang utsegn om korleis statsstøtteregelverket skal bli forstått.

Der blir det slått fast at kulturverksemd ikkje er å rekne som økonomisk aktivitet, sjølv om det er billettinntekter som dekkjer små delar av kostnadane.

– For oss kom denne uttalelsen verkeleg i rett tid, seier Antonsen.

– EU-kommisjonen har presisert at regelverket er å forstå slik som Kilden har hevda og praktisert det heile tida. Vi er glade for at ser ut til å bli eit standpunkt hos norske myndigheiter, viss Skattedirektoratet følgjer Finansdepartementet sine henvisningar.

– Kan ikkje vere alvorleg meint

I november mottok Kilden teater og konserthus endeleg vedtak om tilbakebetaling av 294,4 millionar kroner frå Skatt Sør. Summen var gitt som momskompensasjon då bygget vart reist frå 2008 til 2010.

Bakgrunnen er at enkelte offentlege utbyggingar kan få kompensert all moms for å forhindre konkurransevriding. Dette er likevel innanfor visse retningslinjer.

Antonsen seier det berre skulle mangle at Finansdepartementet no prioriterer denne saka.

– Vi har sagt til politikarar at dette regelverket ikkje kan vere alvorleg meint, det at ein skal betrakte store fellesskapssatsingar som kommersielle verksemder. Det er heilt umogleg å få noko slikt til å lønne seg. Dette er noko vi har fordi fellesskapet satsar på kunst og kultur, og dette utsilkta utslaget av regelverket som Skatt Sør har stått i spissen for burde vore stoppa av politikarane for lenge sidan.

Stavanger konserthus er ein av dei andre kulturinstitusjonane i landet som fekk beskjed om å betale tilbake moms, på henholdsvis 256 millionar kroner.

Furre har champagnen klar

EU-kommisjonen og regjeringa har no tydeleggjort at det som ikkje er kommersiell aktivitet ikkje skal omfattast moms.

Harald Furre

Ordførar i Kristiansand Harald Furre.

Foto: Høyre

Ordførar i Kristiansand, Harald Furre, er letta over dei nye presiseringane.

– Eg er veldig glad for at regjeringa har gitt ei rettleiing til Skattedirektoratet om korleis regelverket skal forståast. Dette gir håp og tru på at vi skal unngå den store momsrekninga for Kilden.

Han tykkjer utsiktene ser positive ut.

– I dag gler vi oss over at regjeringa har forsterka EU-kommisjonens utsegn og sagt at Skattedirektoratet må rette seg etter det, og det har vi all grunn til å tru at dei gjer. Men vi må sjølvsagt vente med å sprette champagnen til eit endeleg brev frå Skatteetaten kjem.

– Men du er optimistisk?

– Absolutt, champagnen er lagt klar til den dagen.

Administrerande direktør Hans Antonsen opplyser at Kilden vil gå rettens veg om dei likevel skulle få momskravet.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %