Hopp til innhold

32 døde elgkalvar undersøkte – var smitta av flåttborne bakteriar

Prøver tatt av 32 døde elgkalvar, viser at dei var smitta av flåttborne bakteriar.

død elgkavl, Froland

Denne døde elgkalven blei funnen i Froland i Agder.

Foto: Benedicte Goa Ludvigsen / NRK

Etter at det i sommar begynte å dukke opp døde elgkalvar utan synlege skadar, blei det starta eit prosjekt for å finne årsaka.

32 elgkalvar har vore testa, og nå har analyseresultata kome.

Dei viser at alle testa positivt for bakterien Anaplasma phagocytophilum, som kjem frå skogflått.

Ifølgje Agder fylkeskommune kan det bety at det er ei medverkande årsak til kalvedødelegheita.

Død elgkalv Songdalen

Død elgkalv funnen i Songdalen i Kristiansand kommune.

Foto: Fallviltgruppa

Kalvane blei i hovudsak funne i ulike delar av Agder. Ein blei meld inn frå Telemark.

Det er Agder fylkeskommune og Vestfold og Telemark fylkeskommune, som har stått bak prosjektet.

Les også 12 døde elgkalver på kort tid – Fortsatt et mysterium

Viltforvalter Øyvin Froland med død elgkalv, Froland.

Skal undersøke vidare

Nå vil dei prøve å finne ut om bakteriane har medverka til dødelegheit hos elgkalvane, og i så fall korleis.

– Det skal gjerast ei gensekvensering av prøvene for å sjå kva variantar av bakteriane vi har med å gjere.

Det seier rådgivar i avdeling for berekraftig utvikling i Agder fylkeskommune Katrine Gunnarsli.

Ulike variantar av bakterien kan gi ulik alvorsgrad av infeksjon.

Død elgkalv i Songdalen

Frå kvar kalv blei det tatt prøver av milt og lunger, og dessutan at det blei prøvd å dokumentere eventuell betennelse i lunger med bilde.

Foto: Fallviltgruppa

Gunnarsli seier at dei neste sesong og nokre år framover ynskjer å utvide undersøkingsområdet og gjere fleire analysar.

Det skal skje i samarbeid med Helseovervakingsprogrammet for vilt ved Veterinærinstituttet.

– Vi håpar det vil gi oss ei betre forståing av årsakene til auka dødelegheit og dårleg tilvekst hos elgkalvane i Sør-Noreg, seier ho.

Katrine Skaiaa Gunnarsli, viltekspert i Agder fylkeskommune.

Rådgivar i avdeling for berekraftig utvikling i Agder fylkeskommune Katrine Gunnarsli.

Foto: Vetle Hjortland / NRK

Kalvane blir stadig mindre

Elgkalvane på Sørlandet har over fleire år blitt mindre og mindre.

Om hausten er det også færre elgkyr som går med kalv, noko som kan kome av at fleire kalvar døyr.

Ifølgje Agder fylkeskommune har den rådande forklaringa på kalvar med låg vekt og kalvedødelegheit, vore langtidseffektar av tidlegare overbeite.

Etter kvart har ein erkjent at årsaka er meir samansett.

Klimaendringar kan vere ein del av forklaringa. Ein teori er også at flått- eller andre parasittoverførte infeksjonar kan vere ein del av årsaka.

Død elgkalv i Tvedestrand

Denne døde elgkalven blei funnen i Tvedestrand i Agder.

Foto: Fallviltgruppa

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 07 0,63 kr
Dyrest kl. 22 1,5 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,3 kr 25 min.
  • Dusje 2,6 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,3 kr En vask
  • Varmeovn 0,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %