Mannen vart arrestert onsdag føremiddag og sit no i varetekt hos politiet i Kristiansand og vil bli avhøyrt torsdag.
– Vi vil og gjere fleire etterforskingsskritt både teknisk og vitne, seier politiadvokat Jørgen Henriksen til NRK.no.
Har fått mange tips
Onsdag etterlyste politiet tips etter at ei 18 år gammal jente melde ei valdtekt på eit russearrangement i byen.
Politiet vil ikkje seie om det var tips som førte til pågripinga.
– Vi har fått inn mange tips, men kva som førte oss til denne personen vil eg ikkje gå inn på. Men politiet meiner vi har grunnlag til mistanke mot denne personen, seier han.
Politiet vurderer no å framstille mannen for varetektsfengsling fredag.
Vil gjere nye avhøyr
Den 18 år gamle jenta er avhøyrt av politiet.
– Eg vil ikkje gå inn på kva ho har sagt i avhøyr. Vi kjem også til å gjere nye avhøyr av ho, seier han.
Politiadvokaten vil heller ikkje seie noko om relasjonen mellom den sikta 20-åringen og jenta.