– Det var veldig gøy. Det losna skikkeleg for min eigen del i dag. Eg har fått mykje speletid av Leif. Men eg skulle gjerne sett at vi vann i dag slik at vi kunne ha spelt finale i staden for bronsefinale i morgon, seier ØIF-spelaren David Rui til NRK.
18-åringen scora seks mål i 30-33 tapet for Fyllingen. Før sesongen var ikkje talentet ein gang i A-troppen.
– Kult
– Det var veldig kult at eg lukkast slik eg gjorde. Dersom eg trenar hardt og står på trur eg at eg kan nå så langt eg vil, seier Rui.
Veteran Kjetil Øygarden er full om lovord om ungguten.
– Det er det som er så gledeleg. Lyspunkta er at det er ein lokal unggut som kjem opp. Ein skulle tru at han hadde spelt 50 slike kampar. Han spelar sin livs kamp, seier Øygarden til NRK.
Stolt veteran
– Eg er så stolt over arbeidet som er gjort i klubben og at vi satsar på unge lokale gutar. Det viser seg at det gjev resultat. Han var outstanding i dag, seier Øygarden.
I morgon får Rui moglegheit til å følgje opp den gode innsatsen. Då spelar ØIF Arendal bronsefinale mot anten Runar eller Elverum.