Hopp til innhold

17 asylsøkjarar søkk borte

17 asylsøkjarar har stukke av fra eit asylmottak i Lyngdal. Asylsøkjarane var blant dei 23 som vart funnet i ein varebil på veg med danskebåten fra Kristiansand i førre veke.

Asylbarn i full bil

STOPPA: 17 av dei 23 asylksøkjarane som vart stoppa på kaia i ein og same bil i førre veke har stukke av frå eit asylmottak. (Arkivfoto)

Foto: Tollvesenet

– Kvar dei har forsvunne, kvar dei ville, eller kva som har skjedd har vi ikkje undersøkt. Dei vert skrive ut frå mottaket i dag, seier driftsoperatør Torrey Nørsett til NRK.no.

Det var torsdag i førre veke at Tollvesenet rutinemessig skulle sjekke ein bil, ein svenskregistrert Chrysler. Bilen skulle til med danskebåten til Hirtshals. Når Tollvesenet opna dørene, velta asylsøkjarane ut av bilen. Dei var totalt 23, både gamle, unge og gravide.

Vanskeleg å forstå

– Det var eit ganske ubeskriveleg syn som møtte oss, sa kontorsjef Helge Breilid ved Tollregion Sør.

Asylsøkjarane frå Kosovo vart sende til asylmottaket i Lyngdal.

– Dei var problematisk å få kontakt med. Dei snakka språket til mottaksleiaren, men var veldig vanskeleg å få noko ut av, seier Nørsett om sitt første møte med menneska.

– Det var to familiar i alderen 3-4 månader til 45-50 år gamle, seier han.

Bil med asylsøkere

FUNNE: Tollvesenet fann dei 23 asylsøkjarane i denne bilen - hulter til bulter. (Arkivfoto)

Foto: Tollvesenet

Ikkje sperra inne

No er 17 av asylsøkjarane borte vekk. Ingen har sett snurten av dei sidan fredag.

– No har vi varsla politiet og UDI sitt kontor i Kristiansand. På grunn av at dei har stukke av, er dei formelt skrive ut av mottaket i dag. Vi har ikkje ansvaret for dei anna enn når dei er her, seier han.

– Vi har ikkje døgnvakt, og dei er heller ikkje sperra inne når dei er her. Når vi oppdaga at dei var borte frå asylmottaket gav vi straks beskjed, seier han.

Torrey Nørsett, asylmottaket i Lyngdal

BORTE: Torrey Nørsett ved asylmottaket i Lyngdal anar ikkje kvar asylsøkjarane har teke vegen.

Foto: Mari-Ann Albrektsen/NRK

Dei 23 asylsøkjarane som vart stoppa i Kristiansand var til dels aggressive og vart i tur og orden frakta til politistasjonen. Etterkvart fortalde dei at dei skulle på ein fest i Danmark.

Skulle på fest

– Dette er asylsøkjarar frå Kosovo som har bupel i Lyngdal. Dei har opplyst at dei skulle gå på ein fest i København, sa politiinspektør i utlendingsavsnittet, Magnus Andreassen til NRK.no.

No har altså 17 av dei forsvunne frå asylmottaket.

– At folk har forsvunne har skjedd tidlegare, men veldig lite i vårt mottak, kontra andre mottak, seier Nørsett ved asylmottaket.

– Dersom dei skulle dukke opp igjen kjem vi til å kontakte UDI for å høyre om dei skal få tilbake plassen her, seier han.

Bil med asylsøkere

TOLLVESENET: 23 asylsøkjarar vart funne i denne bilen i førre veke. (Arkivfoto)

Foto: Tollvesenet
null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %