Jerv-keeperen: – Vi pissar det vekk
– Vi jobba iherdig i 85 minutt. Så skrur vi berre heilt av etter 2-2-scoringa. Det er så langt frå godt nok rett og slett. Viss vi skal gje vekk sånne mål kvar gang er det ikkje rart vi tapar kampar.
Jerv låg under 0-2 mot Molde, men scora to gonger slik at det stod 2-2 rett før slutt. I sluttminutta scora Molde to gonger og vann dermed 4-2 mot Jerv. Øvretveit er fortvila over måten baklengsmåla kom på.
– Det har vore jævlig mange slike feil i år. Det må vi slutte med, seier Jerv-keeper Øystein Øvretveit.