Døydde av drukning
16-åringen som vart funne død i sjøen like ved E39 på fylkesgrensa mellom Rogaland og Vest-Agder døydde av drukning. Det viser obduksjonsrapporten, skriv avisa Agder. Ifølgje politiet er det ikkje mistanke om at guten skal vere utsett for noko kriminelt.