Hopp til innhold

- Jenta har det bra

Ei 15 år gammal jente frå Sørlandet har fått påvist svineinfluensa.

Skilt til 4H-leir i Gloppen
Foto: NRK-tipsar

– Eg snakka nett med ho, og ho har det bra. Ho har fått påvist svineinfluensa med symptom som tett hals og hoste, seier rådmann i Gloppen kommune, Marit Elisabeth Larssen til NRK Sørlandet.

LES OGÅ: -Eg er ikkje redd

20 isolerte

Det var under ein 4H-leir på Breim i Gloppen kommune i Sogn og Fjordane jenta fekk påvist svineinfluensa. Over 1700 deltakarar frå 15 ulike land deltek på leiren. Den smitta jenta skal nyleg ha vore på Kypros på ferie. Torsdag skal jenta ha meldt ifrå om at ho følte seg dårleg. Fredag kom prøveresultata, og jenta vart isolert frå resten av leiren. Jenta, som er frå Kristiansand, befinn seg no på ein skule i området.

– Eg veit ikkje om det er fleire frå Sørlandet blant dei som er på isolat. Men jenta har hatt nærkontakt med mange av desse, så det er vel grunn til å tru at fleire kan vere frå Sørlandet. Ein del av dei var blant anna på same buss oppover, seier Larssen.

LES OGSÅ: Jente (15) smitta av svineinfluensa

Var budde på svineinfluensa

Ungdommane får behandling av fleire legar. Truleg vil det ta nokre dagar før ein kan slå fast om dei andre er smitta eller ikkje. Ifølgje rådmannen var arrangøren budde svineinfluensa under det store arrangementet.

– Ja, vi var budde på at det kunne skje. På førehand vart det bestemt kva som skulle gjerast dersom ein slik situasjon skulle oppstå, seier ho.

LES OGSÅ: Svineinfluensa på 4H-leir

Budde i telt

Leir-deltakarane har budd i telt under leiren. Dei siste dagane skal ha vore prega av regn og kaldt vêr.

Rådmannen er i ferd med å varsle foreldra til ungdommane som er isolerte. Leiren som husar over 1700 deltakarar frå 15 ulike nasjonar vil halde fram som planlagt.

– Vi har ikkje fått noko pålegg frå styresmaktene om å stoppe arrangementet, seier ho.

Feberfrie

Fylkeslege i Sogn og Fjordane, Petter Øgar, seier at helsetenesta i kveld har site i møter med 4H-leiarane for å diskutere situasjonen.

– Helsetenesta handterer dette slik nasjonale styresmakter ynskjer vi skal gjere det. Vi veit også at ingen av dei som har blitt sjuke så langt er blitt alvorleg sjuke. Nokon er allereie betre og feberfrie, seier han.

Open dag avlyst

Leiren, som starta onsdag denne veka, varer etter planen til onsdag 29. juli. Søndag var planen at leiren skulle halde open dag, der dei som ynskte det kunne komme å sjå ungdommen sitt leirliv. Dessutan skulle rockebandet Surferosa halde konsert.

– Utover det vert det opp til kommunen sitt helseapparat og fylkeslegen å bestemme om leiren skal halde fram, seier generalsekretær Astrid Solberg i 4H Norge til NTB.

Det er oppretta ein beredskapstelefon som pårørande kan ringe. Tlf.nr. hit er 57 86 83 15.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,7 kr 25 min.
  • Dusje 6,6 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %