Hopp til innhold

Jente (15) smitta av svineinfluensa

Ei 15 år gammal jente frå Sørlandet har fått påvist svineinfluensa på 4H-leir i Sogn og Fjordane.

4H leir Breim

1700 ungdommar frå 15 nasjonar er samla til nordisk 4H-leir på Breim. Dette biletet er frå onsdag kveld.

Foto: Steinar Lote / NRK

– Det er cirka 20 personar som har influensaliknande symptom, og som vert fulgt opp av helsetenesta etter dei retningslinene som gjeld. Eg veit at helsetenesta har nær kontakt med folkehelseinstituttet og får faglege råd, seier fylkeslege i Sogn og Fjordane, Petter Øgar til NRK Sørlandet.

1700 deltakarar

4H-leiren føregår på Breim i Gloppen kommune i Sogn og Fjordane. Dei 20 personane som skal vere smitta er frakta ut av leiren på isolat. Under transporten brukte både sjåførar og ungdommar munnbind.

LES OGSÅ: Svineinfluensa på 4H-leir

Totalt er det over 1700 deltakarar på 4H-leiren frå 15 ulike nasjonar.

Fylkeslegen veit ikkje noko om tilstanden til den 14 år gamle jenta som er frakta til sjukehus.

– Inga oversikt

– Det har eg inga oversikt over, seier han.

– Det vi veit at det truleg er ein ungdom frå Sørlandet som har brakt smitta inn i leiren, og det ser ut til å ha breidd seg. Per no antar vi at 20 personar er smitta med svineinfluensa, seier Øgar.

Fredag kveld har helsetenesta site i møter med 4H-leiarane.

– Helsetenesta handterer dette slik nasjonale styresmakter ynskjer vi skal gjere det. Vi veit også at ingen av dei som har blitt sjuke så langt er blitt alvorgleg sjuke. Nokon er allereie betre og feberfrie, seier han.

Det er oppretta ein beredskapstelefon som pårørande kan ringe. Tlf.nr. hit er 57 86 83 15.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 15 1,15 kr
Dyrest kl. 07 2,29 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %