Hopp til innhold

Slik tok Måløy imot MS Sjøkurs - følg sendinga klokka 21.30

Trass i ruskete regn, stilte måløyværingane mannsterke då Sommaråpent og MS Sjøkurs klappa til kai i Måløy.

MS Sjøkurs

FONTENAR: Tre brannbilar sørga for skikkeleg velkomsfontene då MS Sjøkurs kom inn innseglinga til Måløy.

Foto: Finn Humborstad

Med vaiande flagg og korpsmusikk var det nesten 17. mai-stemning i Måløy. Tre brannbilar sytte endåtil skikkeleg fontene då MS Sjøkurs kom tøffande.

Vågsøy-ordførar Morgen Hagen likte godt det han såg.

- Oppmøtet er fantastisk. Her stiller folk opp i hopetal for å syne at dette er noko vi verkeleg set pris på. Kaia er full av folk, og her er berre stor stemning, seier Hagen, medan musikk-korpset spelte for fulle mugger.

(Artikkelen held fram under direktesendinga)

Sommeråpent

DIREKTE: Sjå NRK Sommer minutt for minutt

Stolt over at så mange stilte opp

Men kva er det eigentleg som gjer at folk går mann av huse når ein båt som MS Sjøkurs legg til kai?

- Vi likar å lage litt stas, ha litt støy og skape trivsel. Det er nok det som gjer at folk stiller opp, trass i at det regnar litt, seier Hagen.

Han trur det blir full fres også utover kvelden når direktesendinga tek til.

- Utpå kvelden skal det bli underhaldning frå lokale artistar, fram mot direktesendinga klokka 21.30, fortel Hagen.

Han legg ikkje skjul på at han er litt rørt over kor mange som har stilt opp.

- Eg er verkeleg glad for at folk har møtt opp, seier Hagen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Morten Hagen

I FINSTASEN: Vågsøy-ordførar Morten Hagen var kledd til fest.

Foto: Steinar Lote / NRK

Trassa lungebetennelse og øyrebetennelse

Ei av dei som verkeleg trossa både sjukdom og dårleg vêr, var Turid Breidalen. Ho skulle eigentleg halde senga.

- Eg tykkjer det er veldig, veldig kjekt, seier Breidalen, som trassa både lungebetennelse og øyrebetennelse for å vere med for å gi MS Sjøkurs den beste velkomsten.

Og er ein i Måløy, så må sjølvsagt også Måløyraidet også markerast.

Det sørga fire karar i britiske krigsuniformar for.

- Det er for å vise at her i Måløy var det stor action. Vi skal vise korleis dei hadde det, seier Mathias Tungevåg, som saman med tre kompisar hadde trekt i uniform for å hylle MS Sjøkurs.

(Artikkelen held fram under biletet)

MS Sjøkurs til Måløy

GODT MØTT: Også på sjøen var fullt av folk i båtar som ønskte MS Sjøkurs velkommen.

Foto: Steinar Lote / NRK

Næringslivet stod i kø

Også næringslivet hadde stilt mannsterke i folkehavet, deriblant Coast Seafood.

- Vi tykte det var på tide å syne produkta våre lokalt, men også for NRK. Vi vil syne at vi har produkt som vi sel, ikkje berre nasjonalt, men også internasjonalt, seier Sverre Søraa i Coast Seafood.

Også han var imponert over kor mange som hadde teke turen for å helse MS Sjøkurs velkommen.

- I alle programma har det vorte synt utruleg flotte naturbilete, og det skal dei også få her. Men mest av alt vil vi syne at vi her driv internasjonal handel, og det skal vi selje Måløy for, seier Søraa.

(Artikkelen held fram under videoen)

Created by InfoDispatcher

I HOPETAL: Folk stilte mannsterke både på kaia og i båtar då MS Sjøkurs la til kai i Måløy. Foto/redigering: Steinar Lote

Ville lære om TV-produksjonen

Også Selje-ordførar Ottar Nygård var på plass for å profilere Stad skipstunnel.

- Det er viktig å vere på bana og vere synlege, så i dag er vi her. I kveld skal prosjektleiarane på TV, seier Nygård.

Mange ville også om bord på båten for å sjå korleis TV-produksjonen går føre seg.

- Det er spennande å sjå korleis dei lagar desse programma, seier Ørjan Nygård, som var ein av mange hundre som stod i kø for å komme seg om bord.