Hopp til innhold

No legg sommarbåten MS Sjøkurs til kai i Kalvåg - møtt av folkehav

Etter ein braksuksess av dei sjeldne i Balestrand, har NRK sin sommarbåt MS Sjøkurs lagt til kai i Kalvåg.

Sommarbåten Kalvåg

KØ I KALVÅG: No har MS Sjøkurs fortøyd i Kalvåg i Bremanger, og no skal det gjerast klar til Sommaropentsending på NRK1 klokka 21.30 i kveld.

Foto: NRK

I heile dag har du kunne følgje turen langs leia, anten NRK1 på TVen din - eller direkte via vår TV-portal på nett. Den finn du her.

Programsjef i NRK, Rune Møklebust, er sjølv med på båtferda langs kysten og kan rapportere om at det var heilt fantastisk i Balestrand.

– Det var jo litt spenning om vi ville få regn eller ikkje, men akkurat under sending var det opplett. Heilt super stemning både når vi kom i halv to-tida og når vi sende Sommaropent om kvelden. Masse folk som møtte opp, og det var nok vanskeleg å finne parkeringsplassar i sentrum, fortel Møklebust.

sommarbåten

UT FJORDEN: MS Sjøkurs på veg ut Sognefjorden frå Balestrand no i morgontimane.

Foto: NRK

Slik blir ruta

Frå klokka halv seks i dag tidleg gjekk MS Sjøkurs ut over Sognefjorden og i følgje Møklebust så var ruta opp til Kalvåg om lag slik:

– Den ruta vi har lagt opp no er at vi går ut Sognefjorden, så bikkar vi nord på austsida av Losna opp det som heiter Trollesundet, så kjem vi opp i Åfjorden og vidare i retning nord og nordaust mellom Atløy og Askvoll. Så passerer vi rett utanfor Stavenes, så vidare mellom Askrova og Svanøy. Så på innsida av Reksta og Skorpa, mellom Hovden og Botnane og tversover Frøysjøen og inn til Kalvåg.

– Kom og hels skipet

Programsjefen er veldig opptatt av at folk som har sjansen til det må kome til sjøen og helse skipet langs leia.

– Vi vil veldig gjerne at folk kjem ned på neset eller ut i båt for å helse skipet. Vi prøver å få med oss det meste. Vi har kamera på alle sider av båten med kraftige linser. Vi er framme i Kalvåg om lag 13.30 om vi held den planlagde farta på 12,5 knop, seier Møklebust.

Sommarbåten Florø

NÆRMAR SEG: MS Sjøkurs passerar no Florø og set kursen vidare mot Frøysjøen og Kalvåg.

Foto: NRK
Stavfjorden

FOLK MED FLAGG: Langs heile leia stiller folk opp for å følgje NRK sin sommarbåt MS Sjøkurs. Båten er no på veg til Kalvåg.

Foto: NRK