Montasje: Det siste brevet
Foto: Privat

Det siste brevet

Korkje foreldre eller familie visste noko som helst, då 18 år gamle Martin Schei reiste for å kjempe i den spanske borgarkrigen. Nokre månader seinare var han død.

– Vi går no for full speed mot Paris. Turen har vore fin på alle måtar. Men la meg like godt seie det først som sist, eg reiser til Spania. Eg håpar du kan fortelje det til dei andre på aller beste måte, skreiv Martin Schei til storebroren.

Året er 1937. Ein 18-åring sit på toget frå Antwerpen til Paris og skriv brev heim til Førde. Han har reist frå familie og venner i heimlandet. No skal han til Spania for å kjempe.

Med livet som innsats.

Vel framme sender han nokre veker seinare eit brev til mor.

– Du treng ikkje engste deg. Eg finn ikkje på å daue her nede, dertil har eg altfor mykje som eg skal gjere når eg ein gong blir ferdig, skriv Martin Schei.

Sommaren 1936 prøvde spanske nasjonalistar med general Francisco Franco i spissen å overta makta i Spania med eit militærkupp mot den sitjande republikanske regjeringa.

Det skulle føre Spania inn i ein tre år lang og brutal borgarkrig.

Opprørarane fekk tidleg våpen og soldatar frå Tyskland og Italia, og Franco greidde raskt å leggje under seg store delar av det sørlege og vestlege Spania.

Heile den demokratiske verda vart rysta då tyske og italienske fly terrorbomba den lille byen Guernica i april 1937. Hitler og Mussolini sine bombefly kom i bølge etter bølge. Byen vart fullstendig øydelagt i det som var det første kjende flybombardementet av sivile mål i historia.

Video Spania: 60 år etter bombingen av Guernica

FØRSTE FLYBOMBARDEMENT: Slik såg det ut då Guernica vart bomba sønder og saman. Innslaget er frå 60-årsmarkeringa av angrepet.

Borgarkrigen fekk enorm merksemd i norsk presse. Partitoppane Oscar Torp og Einar Gerhardsen i Det norske Arbeiderparti sende eit skriv til alle lokallag:

Martin Schei saman med ein kamerat på Klekken ved Hønefoss

BUDDE HOS TANTE: Då faren døydde i 1930, sat mora igjen med åtte ungar og ein vanskeleg økonomi. Løysinga vart at Martin Schei og ei søster budde nokre år i barndommen hos ei tante på Klekken ved Hønefoss. På biletet er Schei (t.v.) saman med ein kamerat, truleg i nærleiken av Klekken.

Foto: Privat

Våre klassefeller i Spania kjemper en alvorlig kamp mot de militaristiske og fascistiske undertrykkere. Utfallet av denne kamp vil få betydning for arbeidsklassen og dens organisasjoner i hele Europa.

Oscar Torp og Einar Gerhardsen 1936

Det er i denne kritiske situasjonen at den engasjerte AUF-aren frå Førde vel å bryte opp for å kjempe republikarane si sak. Slik over 200 andre norske frivillige også gjorde i løpet av krigen.

Men kven var Martin Schei - og kva var det som gjorde at han var villig til å ofre livet sitt for ein krig i eit heilt anna land? Og er det mogleg å finne grava hans?

– Det er det reine detektiv-arbeidet. Eg har i mange år vore oppteken av kva som skjedde heilt til slutt, seier Jon Olav Mykebust.

Han er professor emeritus ved Høgskulen i Volda, og gav i 1982 ut boka Pasaremos i samarbeid med kollega Ottar Årdal. Boka tok for seg historia til Martin Schei og ein annan norsk frivillig i den spanske borgarkrigen.

Kartet Martin Schei teikna over Spania som 12-åring

12 ÅR: Martin Schei teikna allereie som 12-åring kartet over Spania - det einaste kjende kartet han teikna. Han må ha hatt eit spesielt forhold til landet han seks år seinare ofra livet for.

Den gongen stod det eitt spørsmål igjen: Kva skjedde eigentleg med 18-åringen frå Førde etter at han vart dødeleg såra ved fronten? No kan Myklebust ha komme så nær svaret som mogleg. Men la oss først spole tida tilbake.

Førde, ein godverssøndag i 1937. Martin Schei ruslar utover Øyrane saman med den lokale AUF-formannen Jostein Eimhjellen og forloveden hans. 18-åringen lettar for første gong på sløret: Han vil til Spania og kjempe i dei internasjonale brigadane. No skal eg endeleg bli til noko, seier han til meiningsfellene sine.

Norge var ein del av ein internasjonal ikkje-intervensjonsavtale, og det var såleis ulovleg å reise til Spania som soldat. Det var difor ikkje mange som visste om planane til Martin Schei. Men ifølgje Myklebust hadde han vore bestemt på å gjennomføre opplegget sitt i lengre tid.

Schei var elev ved gymnasa på Voss og Sandane, men fullførte aldri skulegangen I staden arbeidde han som redaksjonssekretær og journalist i lokalavisa Firda i Førde.

Der søkte han i mai om permisjon for å reise til Oslo som utsending på AUF-landsmøtet. I etterkant var han med på eit AUF-kurs på Utøya i Tyrifjorden. Ei stund etter dette kurset reiste han til Spania.

Martin Schei på samling med AUF på Utøya

AUF-KURS: Martin Schei (i midten framme, med pipe) var i mai 1937 på AUF-kurs på Utøya. Her var leiarane mellom anna Haakon Lie, Trygve Bratteli og Trond Hegna. Ikkje lenger etter reiste Schei til Spania for å slåst.

Foto: Privat

Frå Oslo gjekk turen med båt til Antwerpen. Først på toget til Paris ber han storebroren om å informere familie og venner om den drastiske beslutninga han har teke.

Minneplate om AUF-arane som fall i Spania

MINNEPLATE: Denne minneplata vart i 2011 sett opp på Utøya for å markere AUF-arane som fall i borgarkrigen.

Foto: Privat

Undersøkelser om avreisen min og hvilken maate jeg kom avsted, det må du i alle tilfeller la være. Det nytter ikke allikevel. Den vesle hjelpen som Spania får, den trenger så visselig. Dessuten vil du bare ødelegge. La derfor alle undersøkelser være. En ting kan jeg forsikre dig, det nytter ikke!

Brev frå Martin Schei til broren Nils, 14. juni 1937

I Paris var han etter alt å dømme innom eitt av fleire vervingskontor styrt av Komintern - den kommunistiske internasjonalen. Kommunistane verva frivillige til kampen mot dei høgreorienterte i Spania.

Krigen var blitt noko langt meir enn ein nasjons borgarkrig. Ideologiske skillelinjer og ein trugande storkrig utgjorde eit bakteppe som rysta Europa.

I Norden tok arbeiderrørsla raskt side for republikken. Arbeidarpartiregjeringa i Norge var for lovforbodet mot krigsdeltaking i Spania, men dei såg mellom fingrane på våpensmugling og verving av frivillige. Dei som kom tilbake til heimlandet fekk ikkje fengselsstraff.

Taper vi krigen, så betyr det ikke bare et fascistisk diktatur i Spania, eller rettere sagt en koloni under fasciststatene. Nei, det betyr en seier for fascismen i våre egne land.

Martin Schei (18), brev frå Spania til bror i Førde

– Mange på venstresida hadde nok dårleg samvit for at dei ikkje reiste. Dei som faktisk reiste, vart sett på som heltar, seier Myklebust.

Blant dei norske som reiste som frivillige, var berre fem-seks på Franco si side. Minst 212 personar melde seg til teneste på regjeringssida. Halvparten av dei var sjøfolk, medan resten i hovudsak var kroppsarbeidarar av ulikt slag. Om lag ti prosent var arbeidslause. Spania-farten var eit typisk arbeidarklassefenomen.

Dei var drivne av antifascisme. Og Spania var einaste arena der det var mogleg å føre effektiv våpenkamp mot det dei meinte var fascismens frammarsj.

– Martin Schei var ein ung sosialist med sterkt engasjement for den spanske republikken. Og borgarkrigen vart blant ungdom på den tida langt på veg oppfatta slik ungdomsgenerasjonen opplevde Vietnamkrigen vel 30 år seinare, seier Myklebust.

– Schei reiste ned i den mest optimistiske fasen av krigen, og han trudde nok ikkje det skulle vare så lenge. Men han var altfor optimistisk. Hadde ikkje eingong militær trening eller erfaring med strid.

Han har snakka med mange av dei som kjende den unge sunnfjordingen i oppvekst og ungdom. Han skal ha vore godt likt, engasjert og belest - men ingen mønsterelev.

Siste brevet frå Spania

SISTE BREVET: Dette er det siste kjende brevet frå Martin Schei frå fronten i Spania. 18-åringen må avslutte skrivinga til storebror Nils for å få seg litt søvn.

Truleg kjende Martin Schei godt til dei mange plakatane som vart spreidde med propaganda både for og imot fascisme i mellomkrigsåra. Men Førde var ingen radikal bastion, og det kom som ein liten sensasjon at 18-åringen var på veg til Spania for å slåst.

Hijar i Spania, 23. august 1937. Martin Schei førebur seg til strid. I natt skal han marsjere 30 kilometer, før han saman med dei andre skandinavane i Thälmann-bataljonen har ordre om å angripe Quinto del Ebro – trass i at dei ikkje har trening i våpenbruk og feltteknikk. Han set seg ned og skriv brev til storebror Nils.

«I 24 timer har pakningen ligget ferdig. Vi går atter til fronten. Kanskje vil det bli langt hardere enn ved Brunete. Det må jo en gang bli et alvorlig nederlag for fascistene, et nederlag som kan gjøre det slutt på det Helvete som fascistene har skapt her nede. Guttene vet det og vil gå inn for det. Derfor er det mange som for siste gang har sunget sine kampsanger bak linjene».

Brevet skulle vise seg å bli det aller siste Martin Schei sende heim til Norge. Men det er ikkje teikn til redsle eller klaging. Han hyllar dei spanske kameratane som kjempar mot Franco sine styrkar.

Han avslutta skrivinga av praktiske grunnar:

– Det er best å få litt søvn.

Sjukepleiarane Dorothy Putter og Irene Goldin ved La Puebla de Hijar i 1937

KAN HA DØYDD HER: Martin Schei vart truleg teken til sjukehuset ved La Puebla de Hijar, der han døydde etter kort tid. Biletet syner sjukepleiarane Dorothy Putter og Irene Goldin ved sjukehuset samme år.

Foto: Bates Winifred

Schei var med på den store offensiven i Aragon seinsommaren 1937. Målet var å ta Zaragoza. Sunnfjordingen var med på kampane i Quinto, Belchite og Mediana.

– Han var dristig, men ikkje dumdristig, seier Harald Jensen, som kjempa saman med Schei i Quinto, i boka Pasaremos.

Den spanske borgarkrigen var svært brutal. Terror og massakrar gjekk for seg på begge sider, og så mange som mellom ein halv om ein million menneske miste livet i konflikten.

General Francisco Franco ved fronten under den spanske borgerkrigen

VED FRONTEN: General Francisco Franco ved fronten under den spanske borgerkrigen.

Foto: AFP

Schei var med og gjorde ein eineståande innsats under starten av angrepet, då Francos uinntakelege Belchite fall og republikken fekk ein etterlengta triumf.

Men frå Belchite vart betaljonen flytta til Mediana. Der klaga den unge sunnfjordingen ein dag over magesmerter. Han gjekk til doktoren som let han kvile ut, ga han medisin og sende han ut igjen.

Mediana i Spania, 2. september 1937. Martin Schei er på veg tilbake til skyttargrava. Han har mist brillene sine, og er ute av stand til å søkje dekning. Han kjenner ein skarp smerte i magen. Han er treft av eit skot. Sanitetssoldatane kjem til for å hjelpe, og legg tenåringen på båre. På spørsmål om kva som har skjedd, svarer Schei: «Eg har fått bukskot. Har du vatn?»

Folk som hadde fått mageskot kjende ein brennande tørste, men måtte ikkje få noko å drikke. Han vart boren bort frå fronten.

Ifølgje eit brev frå legasjonen i Valencia til mora Lovise døydde han på eit feltlasarett dagen etter. Han var ved medvit i berre kort tid etter å ha blitt såra. Seinare samme månaden ville han ha fylt 19 år.

Det er kommet melding om at ennå en nordmann er falt i Spania. Det er redaksjonssekretær Martin Schei i bladet «Firda» i Førde.

Arbeiderbladet, 11. november 1937
Skyttargravene frå 1937 like utanfor Medina

KJEMPA HER: Martin Schei kjempa her i desse skyttargravene like utanfor Mediana. Biletet er teke i nyare tid.

Foto: Privat

Då Belchite fall 6. september vart Schei i Thälmann-bataljonen si dagsbefaling innstilt til ein æresmedalje for innsatsen post mortem.

Og der stoppar spora.

– Det må ha vore kaotisk på feltsjukehuset. Mange låg nok utandørs. Så snart einkvan døydde, fekk nestemann komme inn, seier Jon Olav Myklebust.

Snart 80 år etter at Schei døydde, leitar han framleis etter svaret på kva som skjedde til slutt. I sommar var han i Aragon, der han meiner å ha funne det mest sannsynlege utfallet:

I tilknyting til jernbanestasjonen og ein nærliggjande lagerbygning var det eit feltsjukehus i La Puebla de Hijar, som hausten 1937 tok imot såra soldatar frå kampane ved Quinto, Belchite og Mediana.

Mykje tyder på at Martin Schei enda sine dagar der.

– Eg kan ikkje utelukke at han døydde før han kom fram til sjukehuset, eller at han kan ha hamna på eit meir provisorisk feltsjukehus nærare fronten. Men uansett vart han truleg gravlagd i ei massegrav saman med andre som døydde på sjukehuset i La Puebla de Hijar, seier Jon Olav Myklebust.

Men sikker er han ikkje. Det finst ikkje skriftleg dokumentasjon på kva som skjedde med den unge idealisten frå Førde. Så langt har Myklebust ikkje funne dødsattest. Kanskje ikkje så rart, ettersom sjukehuset vart bomba eit halvt år seinare.

Jon Olav Myklebust ved minnesmerket for massegrava i La Puebla de Hijar

GRAVPLASSEN: I mai reiste Jon Olav Myklebust til Aragon, der alle indikasjonar tyder på at Martin Schei kjempa og fall ved Mediana. Då er han i så fall gravlagd her, i ein massegrav i La Puebla de Hijar.

Foto: Privat

Det einaste som er sikkert, er at Martin Schei ofra livet for republikarane sin kamp mot dei høgreorienterte kreftene i opptakten til den andre verdskrigen.

Historia hans kan minne om dei mange framandkrigarane som i våre dagar har reist til Syria for å delta i krigen der. Minst 70 norske statsborgarar skal til no ha meldt seg til teneste for ulike opprørsgrupper. Fleire er rapportert drepne.

Hans Fredrik Dahl

FELLESTREKK: Historikar Hans Fredrik Dahl meiner dei frivillige i Den spanske borgarkrigen har fellestrekk med framdkrigarane i Syria.

Foto: Berit Roald / NTB Scanpix

– Det er interessante parallellar. Heilt klart i slekt. Men det er sjølvsagt også skilnadar, seier historikar og professor emeritus Hans Fredrik Dahl.

Han peikar på behovet for frivillige som tydelege fellestrekk i konfliktane, der stormakter engasjerer seg på den internasjonale scene. I begge tilfelle er det også apparat for rekruttering og opplæring.

– I kva grad var Franco og opprørarane faktisk fascistar, slik dei vart framstilt?

– Dei vart støtta av Hitler og Mussolini, og mange ungdommar i AUF og NKP betrakta dei nok difor som fascistar, seier Dahl.

Han held fram:

– Men vi kan diskutere om Franco og opprørarane var fascistar. Det eksisterte eit eige spansk fascistparti, men det spelte berre ein liten rolle under borgarkrigen, seier Dahl.

Av over 200 nordmenn som reiste for å kjempe som frivillige, kom truleg berre litt over 100 seg ut igjen frå Spania. Om lag 50 døydde under eller like etter krigen, medan ingen veit korleis det gjekk med dei resterande 60 personane.

Spørsmålet er om dei berre var kanonføde, eller om dei faktisk gjorde ein skilnad.

– Dei gjorde ein innsats. Og dei betydde heilt klart noko moralsk, spesielt seinhaustes 1936 då opprørshæren vart stoppa i utkanten av Madrid, utan at vi skal overdrive rolla dei frivillige spelte her. Men eg trur nok dei bidrog til å forlenge krigen. Og så lenge den spanske borgarkrigen ikkje var avgjort, fekk heller ikkje Tyskland og Italia det så enkelt i fasen før verdskrigen, som dei elles kunne ha fått, seier Jon Olav Myklebust.

Martin Scheis krigsinnsats var kort og hektisk. Han opplevde triumfar, men ikkje dei store sigrane. På den andre sida slapp han å oppleve nederlaget for den sak han reist til Spania for å forsvare.

Boka Pasaremos, 1982

Dei norske utgjorde berre ein liten del av den internasjonale styrken. Mellom 35000 og 40000 frivillige frå 53 land kjempa i brigadane på spansk jord.

Men etter tre år med harde kampar, måtte den republikanske regjeringa gje tapt for Franco og nasjonalistane, som styrte landet fram til diktatoren døydde i 1975.

Kjelder: Jon Olav Myklebust og Ottar Årdal: Pasaremos. Leo Kari: Aksjon ved Belchite / Magasinet for Alle nr. 7 1965. Store norske leksikon.