Håkon Ekornrud og Arne Indrebø ryddar boss langs E39 i Førde

Håkon Ekornrud og Arne Indrebø ryddar boss langs E39 i Førde

Foto: Anna Gytri / NRK

Bosset som dukkar opp igjen, igjen og igjen

FØRDE (NRK): Knurva brusflasker, flattrykte røykpakker, matemballasje og tomme snusboksar. Tonnevis blir plukka opp frå norske grøftekantar kvar vår. Berre dagar etter at vegkanten er rydda, er nytt boss på plass.

– Det går mange bossekkar i løpet av våren, konstaterer Håkon Ekornrud i Mesta.

Med signaloransje klede, hanskar og klype går han saman med kollega Arne Indrebø langs E39 i Førde. Himmelen er blå bak kvite skyer, asfalten tørr og temperaturen ber bodskap om at våren er komen.

I grøftekanten langs europavegen er det ikkje berre nysprungne hestehovar som lyser opp som fargeklattar. Ispapir, tomflasker, sigarettpakkar og store kvite hurtigmatkartongar er ikkje til å unngå å legge merke til.

Med klypene sine plukkar Ekornrud og Indrebø det opp i søppelsekkar. Medan trafikken durar forbi beveger dei seg bortetter veggrøfta. Knapt eit steg får dei flytta seg før klypa finn vegen i sekken med nytt boss.

– Dette er verste tida, seier dei og viser til at snøen har gøymt på søppelet gjennom vinteren.

Håkon Ekornrud og Arne Indrebø ryddar boss langs E39 i Førde

Håkon Ekornrud og Arne Indrebø ryddar boss langs E39 i Førde

Foto: Anna Gytri / NRK

– Norges største bossplass

Du har heilt sikkert lagt merke til det du også. Så snart snøen forsvinn er bosset i vegkantane som eit sikkert vårteikn for mange. I løpet av vinteren har folk gong på gong funne det for godt å kaste frå seg ting ut bilvindauget.

Etter fleire månader med vinter ligg arbeidet klart for dei mange hundre entreprenørane landet over. Som ein del av driftskontrakten dei har med Vegvesenet må dei plukke boss. Mykje boss.

– Det er nokon som hevdar at riks- og fylkesvegane er Norges største bossplass, fordi det er så stort og folk berre hiv frå seg ting ut bilvindauget og trur det er vekk. Men det er det ikkje. Vi må prøve å fjerne det, seier Lars Erik Karlsen i Statens vegvesen.

Lars Erik Karlsen

120 TONN: Berre i Vegvesenet sitt distrikt Fjordane i Sogn og Fjordane blir det samla inn 120 tonn boss langs vegnettet, fortel prosjektleiar for drift og vedlikehald, Lars Erik Karlsen.

Foto: NRK

Han er byggjeleiar for driftskontraktar i Vegvesenet sitt område Fjordane. Det omfattar Sunnfjord og Nordfjord i Sogn og Fjordane.

Berre i dette området blir det kvart år samla inn 120 tonn boss langs riks- og fylkesvegane.

Dette er inkludert bosset som blir henta frå søppeldunkar på rasteplassane, men mykje av det er plukka for hand i grøftekantane.

– Nokon stader har det blitt betre, andre verre. Men jamt over er det mykje folk kastar frå seg, seier Karlsen.

Fyller fire smekkfulle vogntog

Men kor mykje er eigentleg 120 tonn kan ein spørje seg.

Eitt tonn kan til dømes vere 20.000 tomflasker (a 30 gram), 10.000 tomme snusboksar (a 15 gram) og 35.700 tomme sigarettesker (a 7 gram). Og det til saman er altså berre eitt tonn. Pressa saman kan 120 tonn søppel akkurat få plass i fire smekkfulle vogntog.

Karlsen seier alle dei store tinga dei finn langs vegane kjem utanom desse 120 tonna. Det kan vere alt frå sofaer, kvitevarer og slakteavfall.

– Alle ønskjer å ha det fint rundt seg, og det skulle eg ønskje alle kunne vere med på, er bøna frå Karlsen.

– Har Vegvesenet lagt godt nok til rette med bosspanner langs vegane?

– Ting kan alltid bli betre, men vi meiner vi har plassert bosspannene strategisk. Folk kan også ta bosset med seg heim og hive det der, seier han.

Boss funne i grøftekantane langs E39 i Førde

TOMFLASKER: Pappbeger, drikkekartongar, sjokoladepapir, snusboksar og tomflasker er typisk boss å finne i vegkantane.

Foto: Anna Gytri / NRK

Skal rydde grøftene oftare

Problemet med søppel langs vegane er langt frå nytt. Stadig kan ein lese fortvilte lesarinnlegg eller høyre om ryddeaksjonar gjort på dugnad.

Då NRK i fjor snakka med pressesjef Kjell Bjørn Vinje om problemet sa han at rydding av boss langs vegane kvart år kosta minst 50 millionar kroner.

Overingeniør Håkon Skogmo i Vegdirektoratet er tydeleg på at Vegvesenet vil forsøplinga til livs. I nye kontraktar med entreprenørane blir det no stilt strengare krav til rydding, målet er at det skal bli mindre boss å sjå.

– Det er eit problem med mykje avfall langs vegane. Ein av tinga vi gjer for å følgje det opp, er at vi i kontraktane har skildra at entreprenørane skal ha ein generell inspeksjon langs vegen. Der skal dei mellom anna sjå om det er boss som dei må plukke opp. Dette arbeidet skal gjerast kontinuerleg, seier Skogmo.

– Latskap

Vegvesenet legg altså opp til at bosset bilistane kastar frå seg ut bilvindauget skal ryddast vekk fortare. Men korleis kan ein få slutt på at folk gjer det i det heile teke?

– Om fleire hadde kjent til kva forsøpling gjer med dyreliv, planteliv og kor dyrt det er å rydde opp, så hadde ikkje så mange kasta søppel rett i naturen, seier Malin Jacob som er prosjektleiar i Hold Norge Rent.

Organisasjonen deira jobbar mot forsøpling, og har spesialisert seg på søppel i havet. Jacob seier det er veldig vanskeleg å gi noko godt svar på kvifor nokon finn det for godt å kaste frå seg søppel ut bilvindauget. Men to faktorar held ho fram.

– At folk ikkje veit konsekvensane og latskap.

Malin Jacob i Hold Norge Rent

HALDNINGSARBEID: Er det viktigaste for å få folk til å skjerpe seg, trur Malin Jacob i Hold Norge Rent.

Foto: Jan Helge Pedersen

– Det blir mange flasker til slutt

For å ta tomflasker som eit eksempel. Ifølgje Jacob tar det 450 år å bryte ned ei plastflaske.

– Det vil seie at den blir liggande i naturen i mange, mange år. Den kan skade fisk, fugl og biomangfaldet. Samtidig er dette ein ressurs som er på avvege. Avfall er ressursar vi kan bruke på nytt og blir det kasta i naturen får vi ikkje brukt det på nytt.

Ho minner om at forsøpling er ulovleg, og trur haldningsskapande arbeid må til skal ein nærme seg ein slutt på problemet.

– Viss alle tenkjer at den eine flaska dei kastar ikkje har betydning, så blir det veldig mange flasker til slutt.

– Men bosset langs vegane blir jo plukka opp, så då har det kanskje ikkje så mykje å seie likevel?

– Noko blir plukka opp, men mykje av det som hamnar på bakken hamnar til slutt i havet. I tillegg brukar ein enorme økonomiske ressursar på å rydde langs vegane, dei pengane kunne vore brukt til noko anna, argumenterer Jacob.

Om entrepenørane ryddar vekk bosset fortare, og det dermed oftare er fritt for boss langs veggrøftene, kan det til ein viss grad stoppe folk frå å forsøple, trur ho. Men men dårlege haldningar vil mange ikkje kvi seg for å vere dei første til å kaste nytt søppel, legg ho til.

NRK har fleire gonger fortalt korleis boss som har blitt kasta langs vegen har kome inn i fôret og gjort dyr sjuke. Fleire gonger har dyra blitt avliva.

– Det er trist

Per Helge Nytrøen

TA DET MED HEIM: Per Helge Nytrøen seier han aldri kastar frå seg boss ut bilvindauget.

Foto: Anna Gytri / NRK

At det er mange som kastar frå seg boss ut bilvindauget er grøftekantane om våren eit tydeleg bevis på. Men spør ein folk på gata om dei gjer det vil dei aller fleste svare: nei.

Av dei vi spurte i Førde nekta alle for at dei var blant syndarane. Per Helge Nytrøen er ein av dei som skulle ønskje folk kunne late vere å kaste boss langs vegkantane.

– Eg synest det er trist å sjå. Det viktigaste er nok haldningane til folk. Det er ingen problem å ta det med heim eller hive det i bossdunkar langs vegane.

– Kastar du boss ut bilvindauget sjølv?

– Nei, aldri.

– Tydeleg kor lang tid folk brukar på å ete opp

Langs E39 i Førde held Håkon Ekornrud og Arne Indrebø fram med å plukke boss. Dei har fått selskap av sjefen sin, Dagfinn Brotnow. Han er distriktssjef for Mesta og har ansvar for kontraktane i indre og ytre Sunnfjord, samt ytre Sogn i Sogn og Fjordane.

– Inn og ut av sentrumsområde og rundt bensinstasjonar og liknande vil det vere meir søppel enn elles, seier han og peikar langs grøftene.

Halbrendslia ligg på veg ut av Førde sentrum og er blant dei typiske områda der folk kvittar seg med ting ut bilvindauget.

– Dei kjøper seg gjerne noko å ete i sentrum, og når dei er ferdig å ete blir det kasta ut. Det er ofte veldig tydeleg kor lang tid folk brukar på å ete opp, fortel Ekornrud og Indrebø.

Håkon Ekornrud og Arne Indrebø plukkar boss langs E39 i Førde

MYKJE: Håkon Ekornrud og Arne Indrebø legg ikkje skjul på at dei finn mykje forskjellig langs vegkantane.

Foto: Anna Gytri / NRK

– Vi må alle skjerpe oss

Dagfinn Brotnow i Mesta

1000 timar: April er ein månad der det går mange arbeidstimar til søppelrydding. Distriktssjef i Mesta, Dagfinn Brotnow, seier dei berre på kontraktane i området brukar vel 1000 timar på å plukke inn brøytestikker og rydde søppel.

Foto: Anna Gytri / NRK

Etter å ha rydda knappe 25 meter langs grøftekantane har dei fylt til saman ein halv søppelsekk. Når dei tømmer det ut på bakken er det pappkrus, drikkekartongar, forskjellige typar emballasje og tomflasker som går igjen.

– Det er fortvilande. Hadde folk sjølv måtte gå å plukke litt, hadde det nok blitt betre, seier Ekornrud.

I staden er det entreprenørar landet rundt som får mykje arbeid. Når snøen forsvinn i april blir det spesielt mykje å gjere. Brøytestikkene skal plukkast inn etter vinteren og samtidig blir det rydda søppel langs kilometer på kilometer. Ifølgje Brotnow går det berre i deira kontraktområde med 1000 timar til dette arbeidet.

– Kven som kastar kva veit vi ikkje, og det er farleg å skulde på nokon. Mi oppmoding er at vi alle skjerpar oss og tek det med oss heim eller kastar dei i bossdunkane langs vegen, seier distriktssjefen.

Håkon Ekornrud og Arne Indrebø fryktar dei er tilbake på same strekningane kort tid etter at dei har rydda dei.

– Vi kan risikere at vi finn like mykje om ei veke, sukkar dei.