Hopp til innhold

Internasjonalt racinglag vil satse på ung sunnfjording

– Eit naudsynt steg på vegen mot ei motorsportkarriere, seier ein audmjuk Håvard Hallerud (20).

Håvard Hallerud

FIRE VAL: Håvard Hallerud stod føre eit vegskilje før testdagen på Rudskogen. Å leggje hjelmen på hylla, satse vidare med gokart i berre Noreg eller utlandet, eller å satse alt på formelbil. 20-åringen går for det siste.

Foto: Marius Svingen

Håvard Hallerud vurderte å gi seg etter årets sesong, men satsar neste år for fullt med Noregs einaste internasjonale formellag, Team Greenpower.

Formel Renault er det høgaste nivået ein kan køyre formel i Norden. I år stilte 10–12 førarar på startstreken.

– Eg ynskjer å sjå kor langt det er mogleg å nå i internasjonal racing. Det hadde vore supert å komme til Formel 1, men eg er usikker på kor realistisk det er, seier 20-åringen frå Førde.

– Gjere det skikkeleg

Håvard Hallerud med computer analyst Kevin Aabol

TEAM: Håvard Hallerud (t.v.) går gjennom rundane saman med dataanalytikar Kevin Aabol. Kvar bil blir følgd opp av ein løpsingeniør, ein dataanalytikar og to mekanikarar.

Foto: Privat

Hallerud starta med gokart som niåring og har siste åra vore i noregstoppen. Det er blitt to NM-titlar i Formel K, samt fleire topplaserringar nasjonalt og internasjonalt for føraren frå NMK Sunnfjord.

Berre formalitetar står att før han neste sesong set bak rattet på ein doning med 140 hestekrefter – over 100 hestekrefter meir enn han er vand med.

Etter ein testdag på Rudskogen er Håvard Hallerud plukka ut som førsteførar for Noregs einaste formellag, Team Greenpower.

SJÅ VIDEO: Håvard Hallerud var den første som kom gjennom nålauget då Team Greenpower inviterte ni førarar til å prøve Formel Renault. (FOTO/REDIGERING: PRIVAT/ODDLEIF LØSET/NRK)

– Eg har veldig lyst til å få det til og eg vil gjere det skikkeleg. Det blir for dumt å starte ein sesong, for så å finne ut at vi ikkje har råd til å fullføre, seier Hallerud.

Jaktar sponsormidlar

Medan laget arbeider med fleire førarar, jaktar Hallerud sponsorar. For ved sidan av langt fleire hestekrefter under panseret, er også prislappen for satsinga kostbar.

Nærare bestemt mellom 600.000 og 700.000 kroner. Kanskje meir.

– Vi har nokre sponsorar allereie, men vil trenge ein god del fleire for å ta steget over i formelbil. Dette arbeidet har vi starta med. Vi treng 300.000 kroner til, seier han.

– Har vi ikkje fått nok sponsormidlar i løpet av januar neste år, så må vi droppe det, legg han til.

– Har kvalitetar

Håvard Hallerud

KRAFTIG: Formel Renault er det høgaste nivået ein kan køyre formelbilar i Norden. I år hadde Team Greenpower tre løparar på laget. Neste håpar dei å utvide laget.

Foto: Privat

Team Greenpower går inn i sin andre sesong med favorittstempel etter 1., 3., og 7.-plass i samandraget i debutsesongen.

Teamleiar Marius Gjelvik er glad for å få Hallerud på laget når dei byggjer vidare på årets sesong.

– Vi har følgd Håvard i år og føler han viser kvalitetar og verdiar som vi ynskjer. Mellom anna korleis han jobbar i team, og korleis han taklar press og situasjonar, seier Gjelvik.

Må vere betre budd

Håvard Hallerud

MYKJE NYTT: Bilen er lenger og girsystemet nytt, men det er økonomi som er den største kneika før Håvard Hallerud kan konkurrere i Formula Nordic. – Eg ser føre meg eitt par år i formelbil, så truleg gå over til GT-bil, seier Hallerud.

Foto: Privat

Med seks-sju løp for sesongen lar satsinga seg i større grad kombinere med studiar for Hallerud. I laget får 20-åringen økonomisk støtte, og ikkje minst tettare oppfølging i form av både ingeniør og analysar.

Hallerud har sakna å jobbe saman med fleire om ei seriøs satsing.

– I år trena eg fire gonger i veka og køyrde 15 løp. Framover blir det meir simulatorkøyring, seks-sju testdagar og seks løp. Med mindre køyring, så set det større krav til å vere budd til løpa, avsluttar 20-åringen.