Hopp til innhold

Pasientar må bu på do - fylkesmannen vil vurdere tilsynssak mot Hornindal kommune

Fylkesmannen vurderer no å opne tilsynssak mot Hornindal kommune etter at det kom fram at pasientar på omsorgssenteret må bu på badet, utan vindauge og med toalettet som næraste nabo.

Pasient måtte bu her i over ein månad

UVERDIG? Mellombels pasientar blir plassert på det som eigentleg er eit toalett på omsorgssenteret i Hornindal.

Foto: Heidi Lise Bakke

– Det å plassere pasientar på korridorplass, på stove eller andre rom som ikkje er tilrettelagde for behandling og omsorg av sjuke og gamle menneske, det er ikkje eit forsvarleg tenestetilbod, seier fylkessjukepleiar Anne Eli Wangen til NRK på generelt grunnlag.

Ho vil førebels ikkje kommentere saka frå Hornindal spesielt, men forsikrar at fylkesmannen no vil ta saka opp til vurdering.

– Når det er oppslag i media av denne typen, så har vi moglegheit til å gå inn og ta saka opp tilsynssak med kommunen. Om det er grunnlag for å gjere det i denne saka må vi kome tilbake til, seier Wangen.

Ser på det som eit problem

Politikarane i Hornindal kan ikkje love når eldre skal sleppe å bu på badet på omsorgssenteret. Eit bad utan vindauge og med toalettet midt i rommet er tilhøva som ventar eldre som bur mellombels på Hornindal omsorgssenter.

Ordførar Anne Britt Øen Nygård i Hornindal meiner at det er eit problem at pasientar må ligge på det som eigentleg er eit toalett.

Vil ta det opp politisk

– Det er ikkje godt nok. Vi har 23 pasientrom på omsorgssenteret. Det er for lite i høve behovet, og det er dessverre slik at vi har vore nøydde for å bruke dette badet.

Ho vil no ta opp saka med politikarane, men kan ikkje love når dei eldre skal sleppe å bu på badet.

– Eg må ta det opp politisk, så får vi sjå på kva vi kan få til på kort sikt og kva vi kan få til på lang sikt. No kom vi i ein situasjon med budsjettet i år at vi måtte til med nedskjeringar. Vi fekk ikkje store nok overføringar.

– Dette er ikkje haldbart

I fylgje både rådmann og ordførar er ikkje spørsmålet nødvendigvis om ein har nok rom, men om ein har nok pengar og tilsette til å drive fleire omsorgsplassar.

– Eg vil seie at vi har hatt eit fokus på dette siste året, og eg tykkjer særleg dei tilsette gjer ein veldig god jobb på omsorgssenteret i høve dei rammene vi har. Det er stramt, men vi skal gjere det vi kan, for dette er ikkje haldbart, seier Øen Nygård.

Eldre må bu på badet på Hornindal omsorgssenter - uverdig seier pasientombodet
Intro
Eldre må bu på badet på omsorgssenteret i Hornindal kommune.
Lite pengar og stadig fleire eldre gjer at kommunen ikkje har noko anna val enn å plassere eldre rett ved sidan av eit toalett.
Uverdig, meiner pasientombodet.