Foto: Oddleif Løset
I går gjekk alarmen på Sandane. Under ein reparasjon av fryseanlegget oppstod ein feil, og giftig ammoniakkgass lak ut frå Vest-Norsk Fôr sitt produksjonsanlegg midt i Sandane sentrum. Rundt 1000 personar måtte evakuerast, og mange pusta inn gass og måtte til legebehandling. Kommuneoverlege Halvard Wannag Sele meiner det ikkje er rett å ha ein ammoniakktank i eit så tett befolka område. Han har vore skeptisk til plasseringa av denne fôrprodusenten i lang tid.
Men ordførar Anders Ryssdal understrekar at dersom det blir snakk om flytting, må det skje i samråd med eigarane av Vest-Norsk Fôr.