Dette er noko vi ser på fortløpande i samarbeid med politiet i Nordfjord, seier distriktsleiar i UP, Leon Nordanger.
Det er mange bilistar som har blitt tekne for å ha køyrt for fort i Nordfjord den siste tida. I helga delte politiet ut heile 26 forenkla førelegg under ein fartskontroll i Oppstryn. Den høgste målet farten var 84 kilometer i timen i 60-sona. I tillegg vart det skrive ut 17 forenkla førelegg i ei 50-sone i Innvik i helga, og to førarar vart melde for å ha køyrt over grensa for forenkla førelegg. Og førre helg mista heila 21 personar førarkortet i fleire store trafikkontrollar i Stryn.
Høgt - men som forventa
Distriktsleiar for UP, Leon Nordanger, meiner talet på bilistar som bryt fartsgrensa i området er altfor høgt, men seier det var som venta etter erfaringar frå i fjor sommar. Også då hadde dei kontrollar i samband med opninga av sommarskisenteret på Strynefjellet då det er mange unge tilreisande.