Eit viktig steg vidare i karrieren, meiner han sjølv. Han er nøgd med plasseringa av laget, og at han framleis får drive med volleyball på fulltid.
Får utvikle seg
Eithun er ein av få norske utanlandsproffar i volleyball, og 26-åringen har fire månader bak seg i andredivisjon i ein av verdas hardaste volleyballigaer. Ein planlagd overgang frå den sør-italienske klubben Corigliano til naboklubben Gioia del Colle skar seg no i sommar, og 26-åringen er svært letta over å ha fått eit nytt tilbod utanlands. - I forhold til å spele amatørvolleyball heime, får eg mykje meir trening og trening på høgare nivå. Så eg vil utvikle meg som volleyballspelar, seier han.
Men kontrakten er rykande fersk, og førebels veit Eithun lite om kva han går til. Klubben Rethymno held til på Kreta, og spelar i den greske andredivisjonen.