– Han hadde gitt beskjed til sjefen sin om at dekka på vogntoget hans var for dårleg. Men først då vi gav han pålegg om å køyre med kjettingar, valde firmaet å spandera på han nye dekk, seier Stein Ove Salt, som er inspektør i Statens vegvesen.
Kontrollen fann stad på trafikkstasjonen i Førde onsdag 7. februar. Og sjåførar som vert glade for mangellappar er ikkje uvanleg.
Sprang rundt bilen og viste feil
Dekka på vogntoget var innanfor minimumsgrensa på fem millimeter mønsterdybde, men det var i minstelaget når det var snø og is på vegane. For sjåføren av vogntoget bar det rett på butikken for å kjøpa seg nye dekk.
– Eg syns synd på sjåføren som må køyre med slike vilkår. Han var veldig glad då han forlét trafikkstasjonen, seier Salt.
Inspektør Salt fortel om fleire sjåførar som har hatt liknande reaksjonar. Den mest ekstreme kom for nokre år sidan.
– Då var det ein sjåfør som sprang rundt bilen og peika på alle feil og manglar med vogntoget. Han ville veldig gjerne ha ein mangellapp, for å visa sjefen sin at bilen ikkje var i god nok stand. Det var blant anna store manglar på bremsene, seier Salt.
Firma frå Aust-Europa spekulerer i lovbrot
Norges Lastebileierforbund er kjend med problemstillinga og syns det er leit for sjåførane som har det slik.
– Det er ikkje slik vi vil ha det på norske vegar. Sjåføren her er ofte berre ei brikke og har ofte berre to val – å køyre bilen som den er eller stå utan jobb, seier Stein Inge Stølen som er kommunikasjonsrådgjevar i Norges Lastebileier-forbund.
Nye krav til tungtransporten i Norge har ført til ein nedgang i talet på køyretøy som får køyrenekt, både for utanlandske og norske vogntog.
– Men likevel får vogntog frå Aust-Europa 12 gongar fleire køyreforbod enn norske, seier Stølen.
– Kva er grunnen til at den andelen er så høg?
– Det er fordi det lønner seg. Det vert spekulert i lovbrot fordi norske styresmakter ikkje kan krevja inn bøter frå sjåførar og firma utanfor Norden.
Norges Lastebileier-forbund meiner ei løysing kan vera å innføra større bruk av køyrenekt ved hjelp av hjullås. Og at dei som bestiller transporttenestene tar eit større ansvar.
– Dei som bestiller tenestene har ansvar for blant anna den tekniske standaren på køyretøyet, lønn og køyre- og kviletid. 75 prosent av selskapa som kjøper transporttenester opplyser ikkje om at sjåførane skal ha minstelønn, seier Stølen og viser til tal frå Arbeidstilsynet.