Stod i timevis og spann før politiet tvinga han til å bestille bergingsbil

SVELGEN (NRK): – Uff, det er vanskeleg, kommenterer den polske yrkessjåføren om snødekte, norske vintervegar. Nok eit eksempel på at transportkjøparane må ta meir ansvar, meiner Norges Lastebileier-forbund.

Vogntog/semitrailer med dårlege dekk, Svelgen

LIKAR IKKJE NORSK SNØFØRE: Sjåfør Marcin Gapa køyrer semitrailer over heile Europa. I går enda turen til Nordfjord med førarkortbeslag og køyreforbod.

Foto: Wilhelm Støylen / NRK

Sjåfør Marcin Gapa ville klare seg sjølv då han i går fekk problem på snøføre over Ålfotdalen i Bremanger. I timevis vart han ståande og spinne på fylkesvegen opp ein av bakkane inn mot Elkem sitt verk i Svelgen.

Enden på visa vart at politipatruljen som rykte ut tvinga han til å bli henta med bergingsbil. Bilbergaren såg det an til at den polske sjåføren ikkje kom til å klare å kome seg trygt fram til Svelgen for eiga hjelp, og drog han dei par mila fram til der han skulle laste.

– Viking. Problems, konstaterer Gapa på stotrande engelsk dagen etter. Han meiner sjølv at dekka hans er gode nok for å køyre på snøføre.

Geir A Mo

EI STOR UTFORDRING: Geir A. Mo i Norges Lastebileier-forbund seier transportkjøparane har meir ansvar enn mange sjølv er klar over.

Foto: Anna Gytri/NRK

For administrerande direktør Geir A. Mo i Norges Lastebileier-forbund er hendinga ei av mange på norske vintervegar. Det same skjer år etter år. Sjåførar med lite kompetanse på norsk vinterføre får problem, heftar andre trafikantar og skapar trafikkfarlege situasjonar.

– Dei som kjøper transporten må byrje å stille kritiske spørsmål og krevje kvalitet på tenestene sine. Dette handlar om å velje seriøse aktørar og krevje dokumentasjon, seier Mo.

Dekk på polsk semitrailer som vart ståande fast i Bremanger

GODE NOK: Ifølgje Bremanger-lensmann Espen Gulliksen var dekka etter forskriftene, men likevel noko dårlege for norske vintervegar. Fleire av kjettingane den polske sjåføren sette på vart øydelagde i forsøket på å ta seg opp bakken i Ålfotdalen.

Foto: Wilhelm Støylen / NRK

Tok beslag i førarkortet

Ifølgje politipatruljen som rykte ut hadde sjåføren berre med seg ein godkjent kjetting. Dei tok måndag beslag i førarkortet hans og la ned køyreforbod. I dag måtte sjåføren bevise for Bremanger-lensmann Espen Gulliksen at han hadde alt på stell.

– Bilen blir ståande til han har nok kjettingar, godkjent for norske vegar, og til bergingsselskapet har fått garanti for betaling, seier Gulliksen.

Ein rapport frå Transportøkonomisk institutt (TØI) frå 2016 viser at utanlandske vogntog har dobbelt så stor risiko for å hamne i møteulukker, og nesten dobbelt så stor risiko for å hamne i kollisjon med eit køyretøy som køyrer i same retning. Blant tiltaka som blir føreslått for å auke tryggleiken er informasjon om vinterkøyring og norske vegforhold retta mot utanlandske sjåførar.

Mo i Norges Lastebileier-forbund meiner dei som kjøper transport må bli meir bevisste på ansvaret sitt.

– Oppdragsgjevarane må gjere ein større innsats for å krevje kvalitet, og ikkje berre gå etter lågast mogleg pris.

– Sjåføren sitt ansvar

Hroar Holm Carlsen, Elkem Bremanger

BRUKAR SJEKKLISTE: Hroar Holm Carlsen seier dei vel Elkem Bremanger har ei sjekklista dei går over før sjåførane får køyre frå verket. – Vi tek ein visuell sjekk av at dekk og slikt er rett, og at lasta er riktig fordelt.

Foto: Wilhelm Støylen / NRK

Den polske semitraileren hadde ikkje last då sjåføren fekk problem, og var på veg til Elkem i Svelgen for å laste til Polen. Direktør ved smelteverket, Hroar Holm Carlsen, viser til at det er Elkem sentralt som utarbeider kontraktane med leverandørane.

– Det ligg i kontraktane at dei skal ha utstyr og sjåførar som er kapable til å ferdast på Vestlandet på vinterstid. Avvik blir tekne opp med leverandør.

Til sist er det sjåføren sitt ansvar, meiner han.

– Sjåføren er alltid ansvarleg for sitt køyretøy og si køyring. Vi må undersøke om det var noko gale med utstyret i dette tilfellet, men vi har ingen informasjon om det så langt.

Får køyre vidare i morgon

Espen Gulliksen, lensmann Bremanger

KAOS: Bremanger-lensmann Espen Gulliksen seier det fort fører til problem når bilar blir ståande fast på vegane i kommunen.

Foto: Wilhelm Støylen / NRK

Tysdag ettermiddag har sjåføren gjort opp for seg med bilbergingsselskapet Viking på Stårheim. Men inntil han kan vise fram sju kjettingar blir han ståande.

Lensmann Gulliksen seier kjettingane er bestilt. Når dei er på plass i morgon får sjåføren tilbake førarkortet og kan køyre vidare.

– Eg synest norske vegar er vanskelege på grunn av snø, men eg likar å køyre i Norge, seier sjåføren sjølv.

Vogntog/semitrailer med dårlege dekk, Svelgen

VENTAR PÅ KJETTINGAR: Den polske sjåføren får ikkje køyre vidare før han kan vise fram sju kjettingar. Dei skal ifølgje lensmannen vere på plass i morgon.

Foto: Wilhelm Støylen / NRK