Hopp til innhold

Vogntog velta på Kyrkjebø

Ein trailer har velta, og ligg på sida ved Kyrkjebø i Høyanger. Vogntoget skal ha hatt låg fart då uhellet skjedde, opplyser politiet.

Bilvelt i Høyanger

TRAFIKKUHELL: Ein trailer ligg på sida av vegen like etter Kyrkjebø i retning Vadheim.

Foto: May Britt Eide, Ytre Sogn Avis

– Vogntoget har kome litt for langt ut på vegskuldra og har velta, seier Frode Kolltveit, som er operasjonsleiar i Vest politidistrikt.

Politiet fekk melding om hendinga klokka 07.23. Mannskap frå brannvesenet var raskt på staden.

– Sjåføren som var åleine i bilen skal ha kome uskadd frå hendinga, seier Kolltveit.

Laster Twitter-innhold

Vogntoget var på veg til Høyanger då uhellet skjedde. Vogntoget skal ikkje vere til hinder for trafikken.

– Politiet har ikkje kome til staden, men etter det vi har fått opplyst er det passasje for trafikken. Bergingsbil er på veg og eg reknar med at vegen blir stengd når dei skal få vogntoget på vegen igjen, seier Kolltveit.

Statens vegvesen melder måndag ettermiddag at vegen vert stengt i to timar frå klokka 19.00 i kveld medan bilberging pågår.