Hopp til innhold

Fekk låne kjettingar - kom seg til slutt laus

Det utanlandske vogtoget som tysdag føremiddag saksa på riksveg 5 og stengde vegen i Kjøsnesfjorden, måtte låne kjettingar for å komme seg derifrå. Vegen er no open.

Kjøsnesfjorden

LANG KØ: Det danna seg raskt lang kø i Lundebotn på riksveg 5.

Foto: Ragnvald Søgnesand

Operasjonsleiar Per Rimmen ved Sogn og Fjordane politidistrikt seier ein politimann var i området då uhellet skjedde. Bilen skal stå på tvers ganske nært munninga på Fjærlandstunnelen.

– Føraren fekk sjansen til å komme seg derifrå med eiga hjelp. Han fekk låne kjettingar frå andre sjåførar i området, og klarte dermed å komme seg derifrå, seier Rimmen til NRK.no.

Lange køar

Vegen var heilt stengd for både små og store køyretøy medan sjåføren fekk lagt på kjettingar, slik at han kom seg opp bakken.

– Det vart lange køar i begge retningar. Denne vegen er ein av dei mest trafikkerte vi har, så når det skjer slikt, så får det konsekvensar for mange, seier Rimmen.

Tidlegare i dag har det vore problem på fylkesveg 60 over Utvikfjellet og på fylkesveg 57 i Bygstad. I Bygstad er føraren av ein polskregistrert semitrailer, politimeld etter utforkøyringa han skal ikkje ha vore godt noko skodd for føreforholda.

Kom seg laus

KOM SEG LAUS: Etter litt styr kom vogntoget seg vidare. Men han måtte låne kjettingar for å få doningen i gang att.

Foto: Ragnvald Søgnesand