Hopp til innhold

Vogntog trefte fjellveggen i tunnel

Brannvesenet åtvarar om glatt veg over Strynefjellet etter at eit vogntog fekk sleng på hengaren og trefte fjellveggen.

Grasdaltunnelen

SISTE klokka 22.05: Riksveg 15 over Strynefjellet er no opna igjen.

– Det er glatt og ikkje sommardekkføre, åtvarar utrykkingsleiar Jan Træen i brannvesenet i Stryn.

Eit utanlandsk vogntog hamna i fjellveggen inne i Grasdaltunnelen på Strynefjellet torsdag kveld. Sjåføren slapp frå uhellet utan skadar. Helse Førde opplyser at han fekk gå etter at personellet på ambulansen hadde sjekka han ut i samråd med lege. Vedkomande vil sjølv oppsøkje legevakta ved behov, opplyser sjukehuset på Twitter.

– Det er slapseføre på austsida av tunnelen. Sjåføren har fått sleng på hengaren som har treft fjellveggen i det han køyrde inn i tunnelen. No står vogntoget på ein snuplass inne i tunnelen, opplyser utrykkingsleiar Jan Træen i brannvesenet i Stryn.

Alt av naudetatar rykka ut då meldinga om ulukka nådde dei kring klokka halv ni torsdag kveld.

Vogntoget er lasta med glasruter, og Træen fortel at det difor er store mengder glasskår i vegen.

– Vi jobbar no med å rydde vegen, slik at vi kan sleppe forbi trafikken igjen. Så fort vi er klare vil vi starte å dirigere trafikken forbi staden. Eg reknar med at vegen vil opne i løpet av ein halvtime til ein time, seier Træen til NRK klokka halv ti torsdag kveld.

Helse Førde opplyser at dei har ambulanse på staden og dei har fått melding om at det berre er ein person som har involvert. Det var heller ingen andre køyretøy involverte i uhellet.

Grasdaltunnelen er den midterste av dei tre tunnlane på riksveg 15 mellom Skåre og Grotli.