Hopp til innhold

Vogntogsjåføren sat fastklemt etter krasj i fjellvegg – henta med luftambulanse

Ein vogntogsjåfør sat fastklemt etter å ha køyrd i fjellveggen på riksveg 15 mellom Kjøs og Markane i Nordfjord. Føraren er henta med luftambulanse.

Trafikkulukke mellom Kjøs og Markane i Nordfjord

FASTKLEMD: Sjåføren i vogntoget sat fastklemd etter ulukka.

Foto: Bendikte Grov / NRK

Ulukka skjedde like over klokka 11. Alle naudetatane vart sende til staden.

– Føraren av vogntoget er frakta til Førde med luftambulanse, seier innsatsleiar Roger Gundersen.

Lensmann i Nordfjord, Tormod Hvattum, opplyste til Fjordabladet at også ein personbil var involvert i ulukka. Gundersen seier at politiet har teke beslag i førarkortet til føraren av bilen, ein mann i 20-åra.

– Det er på bakgrunn av mistanke om at personbilen har kome over i feil køyrefelt, seier han.

Vogntogsjåføren var åleine, medan det var fire personar i personbilen. To av personane i bilen blei køyrde til sjukehuset i Førde, medan dei to andre måtte til legevakta i Stryn.

– Føraren av personbilen er førebels ikkje avhøyrt, og beslaget står ved lag til etterforskinga er endeleg avslutta, seier Gundersen.

Alle dei fem personane skal ha vore bevisste. Ulukka skjedde i 80-sona og det skal ha vore ein samanstøyt front mot front. Det var vitne til sjølve ulukka.

Riksveg 15 var ein periode stengd etter ulukka, men det er no manuell dirigering på staden, melder Statens vegvesen.

Kollisjon