Hopp til innhold

Mamma Flo (79) er uroa for sønene før omkampen mot Brasil

STRYN/OSLO (NRK): Tore André Flo er spent på kor lenge dei nye hoftene hans held mot Brasil i ettermiddag. Mor Torlaug er bekymra for begge sønene sine, både Tore André og Jostein.

Torlaug Flo, mor til Jostein Flo og Tore Andrè Flo

BEKYMRA: Torlaug Flo er mora til Tore André og Jostein Flo. Ho er meir opptatt av at helsa deira held enn korleis det går i kampen.

Foto: Thomas Brakstad / NRK

OPPDATERT: Kampen mellom Norge og Brasil enda 0-3. Her kan du lese meir om oppgjeret.

– Eg veit ikkje om eg greier å sjå kampen. Eg håper helsa deira held og at dei ikkje vert skadd, seier Torlaug Flo.

Ho er mor til to av dei mest sentrale spelarane frå då Noreg slo Brasil 2–1 i Marseille, 23. juni i 1998 i VM. Tore André Flo (44) scora det første målet og fekk straffesparket som Kjetil Rekdal avgjorde kampen med. Jostein Flo (53) vart bytt innpå då Noreg låg under 1–0, og var heilt sentral i at Noreg klarte å snu kampen.

Klokka 17.15 i ettermiddag møtest Noreg mot Brasil til omkamp på Ullevaal med mange av dei som spelte for 20 år sidan, og for dei fleste er ikkje forma det den ein gong var.

– Vil gjere vondt

Flo-brørne frå Stryn har også merke at dei har blitt eldre. Tore André har fått skifta ut begge hoftene, medan Jostein har hatt ein større operasjon i låret etter ei avriving av hamstringen.

– Dei er ikkje like spreke som den gong. Når dei kjem på bana gløymer dei fort at dei har skadar og at dei har blitt eldre, seier mor Torlaug.

Pressemøte i forkant av Omkampen VM-lagene fra 1998

Tore André Flo og Ronaldo på pressetreff, dagen før omkampen mellom Noreg og Brasil.

Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

Og at mora er bekymra for helsa, det har Tore André fått med seg.

– Ho har sagt det til meg fleire gonger. At eg må vere forsiktig. Folk som har hatt same operasjon som meg burde ikkje spele fotballkampar, seier målscoraren frå 1998 lattermildt.

– Klarar du å halde igjen når fløyta går?

– Nei, når ein får ballen så spring ein jo. Eg er budd på at det vil gjere vondt og eg er litt bekymra sjølv også. Men eg trur dette vert så artig at eg ikkje klarar å halde meg unna, svarar han.

Boltar i baken

Også storebror Jostein har vore under kniven nyleg. For eitt år sidan spelte han ein internkamp i Strømsgodset. Han dribla seg rundt keeper, men då han skulle avslutta vart han takla hardt. Det enda med avriven hamstring i venstre lår og ein omfattande operasjon.

Jostein Flo og Drillo

JUBEL: Jostein Flo og Egil «Drillo» Olsen jublar etter sigeren mot Brasil.

Foto: Bjørn Sigurdsøn / NTB scanpix

– Eg har operert, men eg føler meg betre enn for 20 år sidan. Eg har store forventningar til kampen og skal sjølvsagt inn som superreserve for å avgjere kampen, seier Jostein Flo lattermildt til NRK.

– Eg har trena moderat det siste året etter operasjonen, men eg må tenke litt på at eg har tre boltar i baken som heldt muskelen på plass. Derfor er det greitt å vera innbytar, det er jo det eg kan, legg han til.

Da Norge slo Brasil i Fotball-VM 1998

SCORING: Tore André Flo scora utlikningsmålet til Noreg mot Brasil i VM for nesten 20 år sidan. Her driblar han vekk Junior Baiano før han sett inn 1–1.

Foto: Reuters Jean-paul Pelissier / Reuters