- Det er ikkje noe nytt i saka, opplyste lensmann Kjell Fonn ved Førde og Naustdal lensmannskontor på ein pressekonferanse i føremiddag.
Kriposekspertar har gått gjennom åstaden tett ved Angedalsvegen sidan i går, og har henta ut fleire spor som kan gje viktige svar i drapssaka. Fonn seier det framleis pågår gransking på åstaden, men politiet reknar med å avslutte arbeidet der i løpet av dagen.
Har ikkje funne lommeboka
På åstaden vart både veska og mobiltelefonen til Anne Slåtten funnen. Lommeboka var ikkje der, og sjølv om Kripos var inne i hybelhuset i går, så er den enno ikkje komen til rette. Kriminalteknikarar skal i dag gå grundig gjennom hybelen hennar.
Kjell Fonn seier at dei får den skriftlege obduksjonsrapporten i dag. Dei har fått den munnlege, men vil framleis ikkje seie noko om kva den fortel, av omsyn til etterforskinga.
Lapp vert send til skriftekspertar
Lappen som vart levert til politiet av hybelkameraten til Slåtten etter at ho var meld sakna, vert send til skriftekspertar for å finne ut om det er ho som har skrive lappen. Lappen vart skriven av ein som fortel at vedkomande er redd. Fonn seier han vert overraska om det er nokre andre som har skrive lappen.
Til no har politiet fått inn om lag 150 tips, og har intervjua 500-600 personar.