Hopp til innhold

Tiltak for å hindre at hjorten blir påkøyrd nyttar

Skogrydding og viltgjerder langs vegane har ført til nær 70 færre hjortepåkøyrslar, det viser ny rapport. Dessutan sparer samfunnet mykje på tiltaka.

Hjort i vegkanten

FÆRRE DØDE: Tiltak for å hindre hjortepåkøyrslar har fungert godt. Nær 70 færre hjortar er truleg påkøyrde peikar ein ny rapport på.

Foto: Åge Tansøy

– Rapporten viser at samfunnet har spart 2,55 millionar kroner på fem år etter at det vart investert i viltgjerder og siktrydding, medan vi har brukt 2,3 millionar kroner. Det seier Stein Joar Hegland i Norsk hjortesenter.

Tent inn att pengane

Det er Statens vegvesen som har bestilt rapporten, i samarbeid med Norsk hjortesenter og Høgskulen i Sogn og Fjordane. Dei har vurdert fem tiltak langs riksvegnettet i Sogn og Fjordane der viltgjerder og siktrydding har blitt brukt. Det i Brandsøy i Florø, Mannheller i Sogndal, Ljøsne i Lærdal, Alværa i Høyanger og Moskog i Førde.

– I løpet av den perioden tiltaka har vore på plass, det vil seie fem år, har dei tent inn att investeringane som er gjort.

– Det er veldig gode resultat på så kort tid, med få tiltak. Vi har spart nesten 20 hjorteliv i året og 51 hjort som er skadde. Så med enkle tiltak vil vi kunne redde endå fleire, trur Hegland.

(Saka held fram under bilete)

Viltgjerder nyttar

STÅR BAK RAPPORTEN: Stein Joar Hegland i Norsk Hjortesenter har skrive rapporten. Ann Kristin Nes i Statens vegvesen har bestilt rapporten om hjortepåkøyrsler.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Skogrydding og viltgjerder er effektivt

I Sogn og Fjordane har Statens vegvesen rydda betre sikt der ein opnar vegkantane opp mot 10 meter på vegkantane. På nokre stadar er det sett opp viltgjerder, som er eit dyrare tiltak. Der er målet å lede dyra til ein betre eigna stad å krysse vegen som er oversiktleg.

– Vi er fornøgde å ha fått så god utteljing på så kort tid med dei tiltaka som er gjort, seier Ann Kristin Nes i Statens vegvesen som har bestilt rapporten.

Kvar hjort som blir påkøyrd kostar samfunnet 50.000 kroner. Det inneber kostnadar til reparasjonar på bil, forsikring, opprydding og ettersøk.

(Saka held fram under tabellen)

Så store er innsparingane på hjortetiltaka

INNSPARING: Kvar hjortepåkøyrsle vert rekna til å koste 50.000 kroner.

Foto: Høgskulen i Sogn og Fjordane

Tiltaka må vere tilpassa

Viltgjerda er det dyraste tiltaket, men det er også det mest effektive. Men dei hindrar også dyra i å bruke landskapet fullt ut.

– Nokon plassar passar det bra. Det passar best der ein kan lede dyra til ein eigna stad. Der det er mykje skog passar siktrydding betre. Nokon stadar passar ingen av tiltaka, og då må vi finne andre løysingar. Det kan vere meir dynamiske skilt, seier Hegland.

Nes seier at i og med effekten har vore så god kan det bety at fleire strekningar kan få tiltak for å hindre hjortepåkøyringar.

– Det er noko vi vil vurderer men det er også politisk styrt. Men det er også opp til kor mykje pengar vi får til å drive slike tiltak. Rapporten er eit godt faktagrunnlag.

(Saka held fram under kartet)

Her skjer hjortepåkøyrslane

RAPPORT: Dei 1.524 hjortepåkøyrslane frå 2009–2013 dannar grunnlaget for rapporten frå Høgskulen i Sogn og Fjordane og Norsk hjortesenter.

Foto: Høgskulen i Sogn og Fjordane

Tradisjonell skilting verkar ikkje

Rapporten viser også til kva tiltak som ikkje nyttar. Tradisjonell skilting er eit av dei.

– Det er noko vi har mistenkt lenge, så det er godt å få det stadfesta. Så vi må vere villige til å tenkje nytt og sjå på andre alternativ å varsle på. Og vi vil i alle fall ha ein gjennomgang på den varslinga vi har no og sjå kva endringar vi kan gjere.

Kva type endringar kan det vere?

– Det kan vere å ta vekk nokre skilt, det kan vere å flytte nokre. Ein del av skilta har stått på same plassen veldig lenge, det er mogeleg vi må flytte dei. Det må vi sjå på, seier Nes.

Når skjer hjortepåkøyrslane

NÅR: Rapporten viser at 70 prosent av påkøyrslane i fylket skjer frå oktober til mars. 80 prosent skjer på tidspunkt der det er dårlege lysforhold.

Foto: Høgskulen i Sogn og Fjordane