NRK Meny
Normal

Villmark-regissør vil lage Astrup-film

Nikolai Astrup er i vinden som aldri før. No vil hjernen bak Villmark-suksessen lage film om Jølster-kunstnaren.

Filmskapar Pål Øie

ASTRUPFILM: Eit dokudrama med historia om Nikolai Astrup er under utforming, av stjerneregissør Pål Øie og Karl Johan Paulsen. – Eg reknar med at dei aller fleste i Norge er har eit forhold til bilda, men i utlandet er han ein godt bevart løyndom, seier Øie.

Foto: Privat

Pål Øie har nytt stor suksess med thrilleren Villmark 1 og Villmark 2.

No har han saman med Karl Johan Paulsen starta arbeidet med ein 55 minuttar lang dramadokumentar om kunstnaren Nikolai Astrup.

– Filmen skal bli ein høydare, ein kvalitetsfilm som skal leve, ikkje i fem år, men i 20, 30 år. Vi ynskjer å gå inn i eit slikt prosjekt med 120 prosent, seier Øie.

I gløymeboka

Einar Loftesnes - produsent for Villmark 2

PRODUSENT: Sogndølen Einar Loftesnes var produsent for Villmark 2, og er også med i arbeidet med Astrup-filmen.

Foto: Handmade Films in Norwegian Woods

Det er Jølster kommune som har vendt seg til dei to filmskaparane. No er dei i dialog med fleire for å finansiere forprosjektet. Nikolai Astrup vart fødd i 1880 i Bremanger, men døydde i Førde, berre 47 år gamal, i 1928.

Men det var på Jølster, og Astruptunet, at kunstnaren budde det meste av livet. Det var her han fann motiva til dei fleste bileta sine.

I førre veke opna den første internasjonale Astrup-utstillinga i London.

– Filmen er mynta først og fremst på TV, utanlandsk og naturlegvis nasjonalt. Det er ein fantastisk kunstnar som har gått litt i gløymeboka føler vi, så dette er eit forsøk på å hente han fram i lyset og vise folk for ein fantastisk kunstnar han er, seier Øie.

– Ser lyst ut

Regissøren ynskjer ikkje å kommentere kor mykje forprosjektet vil koste, eller kva budsjettet på ein eventuell film vil komme på. NRK kjenner til at duoen vil trenge vel 400 000 kroner til forprosjektet.

Går alt etter planen kan ein komme i gang med opptaka til vinteren. Dei har allereie vore på synfaring i Jølster.

– Det ser veldig lyst ut, og det er veldig mange gode krefter i sving, men det veit vi ingenting om før forprosjektet er i boks. Det tek litt tid, men det skal bli bra når vi får brukt den tida vi treng, seier Øie.

Dramatiserer

Film om norske kunstnarar er ikkje noko ukjent tema for duoen. Dei er også skaparane av «Lysets vannvidd – en film om kunstmaler Lars Hertervig».

Paulsen har også laga film om komponisten Fartein Valen. Øie, som er halvt jølstring, ser på oppdraget om Astrup som ærefullt.

– Som i Lars Hertevig ynskjer vi å dramatisere nokre av Astrup sine opplevingar og stadar der han målte og i det heile prøver å fortelje visuelt og filmatisk om denne fantastiske mannen som heldt til ved Jølstravatnet, seier Øie.

Lokale krefter

Og som i Hertevig-filmen ynskjer dei samarbeid med lokale krefter til å vere både felespelarar, og leikne, sprelske folkedansarar som får budeiene til å smelte.

– Her må vi gå rundt og finn folk som kan stille, men her må ein også ty til profesjonelle skodespelarar utan at vi har gått noko inn i den materien, seier Øie.

– Nikolai Astrup er ei underfortalt historie slik vi ser det. Ein film kan bringe han ut nasjonalt og internasjonalt og då er det berre å slå saman alle gode krefter og få dette til, avsluttar han.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå