Hopp til innhold

Villmannskøyring kan føre til ulukker

Den siste tida har politiet i Bremanger fått inn fleire telefonar om villmannskøyring. No ber lensmannen om at foreldra tek ansvar.

Espen Gulliksen og Facebook

ÅTVARAR: Lensmann Espen Gulliksen i Bremanger tek bladet frå munnen på Facebook.

– Vi har fått fleire telefonar frå bekymra folk som melder om villmannskøyring, både med bil og tohjulingar.

Det seier Espen Gulliksen, lensmann i Bremanger. Han er spesielt uroa over mopedkøyringa.

– Vi får inn meldingar om mopedkøyring som går altfor fort i forhold til farta ein moped skal gå i. Det dreier seg i hovudsak om unge sjåførar.

I fjor sommar var situasjonen den same. Det er spesielt i dei to siste vekene at det har kome inn meldingar om dette.

– Fryktar ei ulukke

Politiet i Bremanger patruljerar så ofte dei kan. Når dei blir kontakta av bekymra innringarar, reiser dei ut, men då er det ofte for seint.

– Når ein er ute i Ytre Bremanger, så er det litt avsides. Der går jungeltelegrafen fort når vi køyrer politibil. Då kastar dei på seg hjelm og køyrer pent, og det er jo bra, seier Gulliksen.

Politipatruljer

FORELDRA MÅ FØLGE MED: Det verste er om politiet må rykke ut fordi sjåføren skadar nokon andre på grunn av villmannskøyringa si.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

Han seier at dei slår ned på dei lovbrota dei ser, men fryktar at det skal skje ulukker.

– Om dei skadar seg sjølv fordi dei køyrer utan hjelm er ein ting. Ein annan ting er om dei skadar andre fordi dei køyrar uvettig. Det ville vore det verste, om dei skulle stå til ansvar for noko sånt, seier lensmannen.

Ber foreldra følge med

Gulliksen oppfordrar foreldre om å ta i eit tak og passe på at ungdommen følger dei lovane og reglane som gjeld.

– Dei må sjekke kva ungane deira driv med før det skjer ei ulukke.

Lensmannen seier at han håpar folk held fram med å melde frå om dei opplever villmannskøyring.

– Dei må fortsette og melde frå. Har dei namn og nummer på dei som køyrer villmann så ønskjer vi også det.