Det var ein novemberkveld i fjor at uhellet skjedde. Yrkessjåføren frå Sunnfjord køyrde ein semitrailer på rv 60 mellom Olden og Innvik i ca 60 kilometer i timen, då ein personbil kom i mot. Denne vegen er kronglete og smal, og to bilar kan ikkje passere kvarandre på delar av strekninga.
Trailersjåføren la seg av den grunn ut til høgre i vegbana, men senka ikkje farten av di han gjekk ut frå at den møtande bilen ville legge seg ut på ei veglomme like i nærleiken. Men i staden for å stanse opp, heldt personbilen fram mot traileren.
Mista kontrollen
For å unngå kollisjon mellom traileren og personbilen bremsa trailersjåføren kraftig og la seg så langt ute til høgre som mogeleg. Dei to køyretya unngjekk dermed å støyte i kvarandre, men trailersjåføren mista kontrollen over bilen sin, skar ut mot venstre, braste ned ei skråning før han etter eit rundkast blei ståande på hjula i sjøkanten. Sjølv kom han frå det med mindre skader, men både trekkvogn og hengar fekk store skader.
Stakk av
Den involverte personbilen stakk av og er seinare aldri blitt identifisert. Men sunnfjordingen bak rattet på traileren meiner uhellet hans inntraff for å unngå eit samanstøyt med denne bilen. Han nekta difor å godta bota han fekk for køyringa si.
Sjåføren heldt fast på at han ikkje hadde vore uaktsam også i Nordfjord tingrett, og at han med si køyring hadde unngått ein kollisjon mellom dei to bilane. Men retten meiner sjåføren burde ha senka farten og har dermed dømd han til å betale 4500 kroner til statskassen, i tillegg til 2000 kroner i sakskostnader.