Hopp til innhold

Ville kutte 15 millionar og halvere administrasjonen

FLORØ (NRK): Terje Rognsø ville kutte budsjettet med 15 millionar kroner og halvere administrasjonen i Sogndal Fotball. Då han fekk nei frå styret, sa 49-åringen opp etter fire månadar i jobben.

Terje Rognsø

VISSTE INGENTING: Terje Rognsø visste ingenting om den svært anstrengde økonomiske situasjonen i Sogndal Fotball då han tok til som dagleg leiar i januar. Han er usikker på om han hadde takka ja, dersom han visste korleis det stod til.

Foto: Bård Siem / NRK

Sola skin og det er eit lite drag lufta i det vi møter Terje Rognsø utanfor huset hans på Krokåsen i Florø. Med utsyn mot havet går vi mot inngangsdøra.

Inne er det tomt og stille, ein sterk kontrast til korleis dagen skulle vore for Terje Rognsø. Måndag slutta han på dagen i stillinga som dagleg leiar i Sogndal Fotball.

–Det er trist, seier 49-åringen og tek ein stor slurk av kaffikoppen.

– Eg hadde verkeleg håpa at vi saman skulle få Sogndal opp i eliteserien. Men vi var for usamde om vegen vidare. Difor sa eg opp, seier han roleg.

– Ikkje vondt blod

Ifølgje Rognsø var det usemje om økonomi som var hovudgrunnen til at han trekte seg.

– Det høge kostnadsnivået i klubben er ikkje berekraftig, seier han.

Av ei utgiftsside på 52 millionar kroner i 2018, ville Rognsø kutte om lag 15 millionar kroner.

– Administrasjonen og støtteapparatet er rigga for å vere i eliteserien, men Sogndal er ikkje i eliteserien, seier han.

Du ville kutte utgiftene langt meir enn det styret ville. Kan ein dermed seie at det vart ein maktkamp som du tapte?

– Ja, det kan du seie.

Enda usemja i høglydt krangel og vondt blod?

– Nei, det var ikkje slik. Eg reiste frå Sogndal og det høyrest dramatisk ut, men det var ein god tone og forståing for at vi hadde ulike synspunkt.

Har økonomistyringa i fotballklubben vore vanstyrt, sidan du meiner det må gjerast så store kutt?

– Nei, det vil eg ikkje seie. Det er ein klubb som har vakse og som har gjort mykje rett. Men sidan inntektene har gått kraftig ned er utgiftene for store, han.

Dersom Rognsø sine kutt hadde vorte gjennomført, ville administrasjonen i klubben vorte om lag halvert.

Visste ikkje om anstrengd økonomi

Rognsø fortel at han ikkje visste om dei økonomiske vanskane i klubben då han tok til i jobben i januar.

– Nei, eg visste ikkje dette.

Ville du takka ja til å vere dagleg leiar i Sogndal Fotball om du visste korleis den økonomiske stoda var?

– Det kan hende. Men då ville eg ha forsikra meg om at vi var samde om korleis vi skulle løyse det, seier han.

Den tidlegare mangeårige trenaren i Florø Fotball røyser seg og ser ut stoveglaset.

– Eg må finne meg noko å gjere, seier 49-åringen og smiler.

– Vil du trene Florø igjen?

– Nei, Florø har ein god trenar, og eg er framleis ikkje klar for å gå tilbake som trenar. Eg skal finne meg noko å gjere. Om det blir innan fotball eller ikkje, er for tidleg å seie.

Styreleiar i Sogndal Fotball, Tor Arne Ness, seier til Bergens Tidende at klubben må kutte utgiftene med om lag 10 millionar kroner. Han ønskjer ikkje å kommentere utspelet frå Rognsø til NRK.