Ein 19-åring frå Nordfjord er dømd til fengsel i eitt år på vilkår for utuktig omgang med ei jente. Jenta var 13 år då overgrepa skjedde for snart to år sidan.
Dei to var kjærestar på det aktuelle tidspunktet, og dette har retten også lagt vekt på då dei fastsette straffa.
Retten peikar også på at mannen har tilstått og at forholdet ikkje bar preg av utnytting.