Hopp til innhold

Vil vinne ordførarmakta på Vestlandet

Arbeidarpartiet tar no mål av seg til å vinne ordførarmakta på Vestlandet, og ta tilbake kommunane dei tapte ved førre val.

Kjersti Stenseng

TAR OPP ORDFØRARKAMPEN MED DEI BORGARLEGE: Kjersti Stenseng er partisekretær i Arbeidarpartiet.

Foto: Sindre Sunde Tveit / NRK

– Vår ambisjon er å vinne Vestlandet, i likheit med alle regionar i Norge, seier partisekretær Kjersti Stenseng.

Stenseng har ein knapp månad bak som partisekretær i Arbeidarpartiet. Ho tok over rolla etter Raymond Johansen. Han hadde som uttalt mål å gjennvinne kysten og Vestlandet.

Tar tempen på valkampen

– No har eg hatt diskusjonar med næringsliv og med lokale partimedlemmer først og fremst for å bli kjend med folk og få innspel til viktig saker, og få tatt temperaturen på valkampen vår.

– Kva saker tenker du å bruke til lokke vestlandsvelgarane?

– Det viktigaste for oss er å få fokus på det lokalvalkampen handlar om, sakene som er viktig lokalt, satsing på skule, på eldre, på helse og få dei gode fellesskapsløysingane. Vi har ei regjering som ynskjer å dra oss i ei anna retning enn vi ynskjer, økonomi er viktig for å kunne tilby gode tenester, og vi ser no mange kommunar som slit. Det vil vi sette fokus på i valkampen.

Ser framover

Ved førre val miste Arbeidarpartiet fleire kommunar, men Stenseng vil i dag peike på kva ho meiner kan vere årsaka til det.

– Mitt hovudfokus no er å peike framover. Vi vil gjerne ta makta igjen i kommunar som Førde, Florø og Bergen som i dag er styrte av Høgre.